Tiller kirke i Trondheim. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Hundrevis melder seg ut av kyrkja etter olje-nei

434 personar melde seg ut av Den norske kyrkja dagen etter at Kyrkjemøtet oppmoda til å stanse ytterlegare leiteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel.

Det er meir enn dei ti tidlegare dagane til saman, og gir ein indikasjon på at det kan ha samanheng med det politiske vedtaket.

Aktiviteten i oljegruppa «Stolt Oljearbeider og Oljebrølet» kan i alle fall tyde på det, skriv Nettavisen, som har innhenta tala frå kyrkja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore medlem i kyrkja på grunn av tradisjonar og fordi eg har oppfatta kyrkja som ein stad for alle. No tek kyrkja parti i ei sak der eg meiner utfallet kan bli at Noreg blir ført tilbake til tida før oljealderen økonomisk. Eit nei til oljeleiting ville knust industrien langs kysten, seier Stian Espeland, ein av medlemmene i gruppa, til Nettavisen.

(©NPK)