Nisser: Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, har høg vasstand denne sommaren.

– Det er veldig øydeleggjande for alle som driv med ting langs Nisser når det er slik som i år.

Ein snørik vinter gjer at vassmagasina er fulle. Det gir høg vasstand, som igjen gjer at strendene mange plassar forsvinn.

– For augeblinken er ikkje forbruket av vatn så høgt, så da lagrar vi energien slik at vi kan produsere straum til vinteren. Så akkurat no er vasstanden høg i mange magasin, seier Sverre Eikeland, divisjonsdirektør for vasskraft i Agder Energi til NRK.

Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, har høg vasstand denne sommaren. Kommunen marknadsfører den som eit landskapsmerke med innbydande strender og svaberg omkransa av fjell. I år er ikkje strendene synlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I ein normal situasjon vil strendene vere godt synlege. Men desse magasina er laga for å kunne lagre straum, slik at vi har nok energi når vinteren kjem. Det å tappe no vil kunne gi uheldige konsekvensar til vinteren, sjølv om det sjølvsagt er mogleg, seier Eikeland.

Åshild Reime, som driv Nisser hyttegrend og camping, seier mange turistar blir skuffa når dei ikkje får oppleve dei strendene dei kom for. Ho skulle ønske Agder Energi og Nissedal kommune kunne bli einige om ein vasstand i Nisser på sommaren.

– Det er veldig øydeleggjande for alle som driv med ting langs Nisser når det er slik som i år. Det er ikkje så ofte det er slik, for me brukar å ha mykje lågare vatn. Men spør du meg, så burde vasstanden vore ein meter lågare no i høgsesongen, seier Reime.

Les også denne saka frå VTB i 2003:

Nissedølen Helge Reinholt er oppgjeven over den høge vasstanden i Nisser, og meiner han er gjennomsnittleg langt høgare nå enn før Nisser-dammen vart bygd i 1987.

(©NPK)