– Det er ikkje særleg god reklame for kommunen å lokke turistar til strender som ligg under vatn, seier Helge Reinholt.
– Det er ikkje særleg god reklame for kommunen å lokke turistar til strender som ligg under vatn, seier Helge Reinholt.

Sandstrendene som drukna

Nissedølen Helge Reinholt er oppgjeven over den høge vasstanden i Nisser, og meiner han er gjennomsnittleg langt høgare nå enn før Nisser-dammen vart bygd i 1987. Reinholt seier at turist-brosjyrene fortel om milevis med sandstrender langs Nisser. – Det står ingenting om at strendene er under vatn i sumarmånadane. Kor mykje kan kraftselskapa tape på å ha ein meter lågare vasstand tri månadar om sumaren, undrar Reinholt.

Etter Nisser-dammen vart bygd i 1987 har vasstanden i Nisser vore gjennomsnittleg høgare enn tidlegare. Dette har blitt eit frustrasjonsmoment for mange nissedølar. Helge Reinholt er ein av mange som stiller spørsmål ved reguleringa. Han skjønar ikkje kvifor vasstanden må vere så høg.

– Kraftselskapa kan vel ikkje tape så mykje på å ha ein meter lågare vasstand midt på sumaren. Det verkar som det er om å gjere å ha høgast mogleg vasstand til kraftproduksjon om hausten. Kva skjer om det blir ein haustflom, undrar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Milevis med strendar

– I turist-brosjyrene står det at det finst milevis med sandstrendar i Nissedal, men det står ingenting om at dei er under vatn i sommarmånadane, seier Reinholt medan me ruslar ned til badeplassen nedanfor heimen hans.

Det som ein gong var ei freistande sandstrand med steinbrygge, står nå under vatn.

– Det verste er at fastbuande og turistar ikkje kan glede seg over og nytte strendene om sumaren. Dette er ikkje bra for turismen, og rekreasjonsmoglegheitene til bygdefolket blir redusert, meiner Reinholt.

Han peikar også på kor umogleg det er å halde båtane på ein fast plass.

– Det er naudsynt med eit godt bryggjeanlegg for at dette skal fungere, kommenterer han.

Strendene blir øydelagt

Vatnet skyl sanden opp, og tek han med seg lengre ut. Det blir ikkje mykje sand att på strendene

– Ein kan sjå resultat av den høge vasstanden nå, korleis vil dette bli om nokre år, undrar Reinholt.

Han trur at reguleringa ikkje er heldig for fisken heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Auren som gyter langs strendene stiller ikkje sterkt når vasstanden av og til raskt går ned, kommenterer han.

– Når det er så stor vasstand at ein ikkje kan vandre langs strendene, liggje, fiske eller dra båtane høveleg opp på strendene, går trivselen ned og irritasjonsnivået opp, seier Reinholt som meiner at nå har nissedølane fått øydelagt nok sumrar.

Høg vasstand til straum

Seksjonssjef for vassdrag ved Agder Energi, Edgar Ommundsen, fortel at vasstanden i Nisser er innanfor lovleg regulering. Det er viktig å ha tilstrekkelig med vatn før vinteren kjem slik at ein kan produsere nok straum.

– Denne sumaren har det nok vore litt meir nedbør enn normalt, men det har me opplevd tidlegare sumrar også, fortel Amundsen.

Låg vasstand - større problem

Det er Arendals Vasdrag Brugseierforening som har konsesjon på bruk av Nisser-magasinet. Men det er også fleire kraftstasjonar nedanfor som nyttar vatnet.

Dagleg leiar ved Arendals Vasdrag Brugseierforening, Karl Kristensen, fortel at dei styrer vasstanden ut frå reguleringsføresegner for dammen, og at dei ynskjer å regulere vatnet slik at det ser mest mogleg naturleg ut.

– Det er ofte den låge vasstanden i Nisser som er problemet om sumrane. Om folk meiner han er for høg nå, skuldast det mykje nedbør den siste tida, seier han.

Kristensen fortel at dei har god fylling i bassenga, men at dei likevel er under den høgste vasstanden som er lovleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Finst det eigne reglar for regulering av vasstanden om sumaren?

– Ja, det gjer det. Men desse reglane går på at me ikkje har lov til å gå under ein minstevasstand, dei seier ingenting om høg vasstand, seier Kristensen.

Han fortel at det ikkje er mogleg å lage eigne reglar for regulering, til dømes i dei tri varmaste sumarmånadane.

– Me kan ikkje lage eigne avtalar, me er plikta til å fylgje konsesjonen, seier han.

Ynskjer fine strendar

Ordførar i Nissedal, Øyvind Tveit, har ikkje motteke nokon klager over vasstanden i Nisser denne sumaren, men han kjenner til at det er missnøye når vasstanden blir for høg.

– Me ynskjer sjølvsagt at vasstanden ikkje skal vere så høg, slik at strendene held seg fine, både for bygdefolk og turistar. Men eg skjønar også at Arendals Vasdrag Brugseierforening må ta omsyn til konsesjonen, kommenterer ordføraren.

Fakta Arendalsvassdraget

Arendalsvassdraget går gjennom 10 kommunar i Telemark og Aust-Agder fylke. Vassdraget samlar opp vatn frå eit område på 3.900 kvadratkilometer, og er bygd opp med til samen 16 kraftverk. Kraftstasjonane er eigd mellom anna av AS Arendals Fossekompani, Arendal Energiverk AS, Aust Agder kraftverk og Vestfold kraftselskap. Den øvste delen ligg i Vest-Telemark og består av innsjøane Nisser, Fyresvatn og Nesvatn med tillaupselver som mellom anna Finndøla som renn frå Fyresdalheiene til Fyresvatn. Vatnet frå Nissedal og Fyresdal renn etter kvart saman og dannar Nidelva, som renn inn i Aust Agder og møter elva Gjøv som kjem frå Nesvatn.