Nå kjem ikkje VTB lenger om morgonen. – Ei endring me ikkje rår over

Frå 2. mai sluttar Telemark Distribusjon med avisdistribusjon i heile Vest-Telemark. Det betyr at dei om lag 1500 VTB-abonnentane som sidan juli 2020 har fått avisa tidleg om morgonen, nå vil få avisa levert med Posten innan klokka 17 på utgjevingsdagane tysdag og fredag.

– Me beklagar dette, men det er ei endring me ikkje rår over, seier dagleg leiar Tor Arve Vartdal i Vest-Telemark blad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Endringa betyr at det blir tilbake til slik det var før 2020 då Posten leverte alle VTB-avisene i Vest-Telemark, legg han til.

Områda det gjeld er sentrale område i Seljord, Flatdal, Kviteseid, Vrådal, Dalen og Vinje. For andre adresser blir det inga endring.