30 år etter: Trollelgen som blei skote for 30 år sidan i Raulandsheiane heng på veggen heime hos Øyvind Solbakken.

Her heng trollelgen som Øyvind skaut for 30 år sidan

Det er 30 år sidan Øyvind Solbakken i Rauland felte storoksen med 20 taggar.

Det stod i VTB-spalten «Frå arkivet» fredag 30. september. Heile saka:

«Mange har fortalt at dei har sett ein «Trollelg» i Raulandsheiane. Men ingen har nokon gong fått han på skothald. Sundag fekk Øyvind Solbakken i Falkeriset/Torvetjønn jaktlag storoksen i sikte, og på 50 meters hald felte han storruggen. Elgen hadde 20 taggar og ei slaktevekt på bortimot 300 kilo. Dagen før hadde skyttaren maksimal uflaks då han kunne felt ein elg på kloss hald. Men børsa klikka, så det var ei fin oppreising Solbakken fekk sundag. Same dagen fekk laget ein okse til, og jaktlaget har no berre att ein kalv av kvota. Til Vest-Telemark blad fortel Solbakken at hovudet av elgen skal stoppast ut, og han vil gjerne få ei vurdering av geviret. Så jamnt og fint det ser ut, er det mykje truleg det held til gull i tevlinga om finaste gevir».

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis gjekk det så med trollelgen?

– Hovudet og ein del av framparten vart stoppa ut og heng i gangen. Men geviret helt ikkje til noko gull og heller ikkje bronse. Taggane var for stutte og stamma litt for grann, seier Øyvind Solbakken til VTB i dag.

Søkbart arkiv

Alle abonnentar har tilgang til det historiske arkivet i Vest-Telemark blad. Her finn du alle avisene tilbake til 1973. Det er mogleg å søke i fritekst. Arkivet finn du her.

Hovudet og ein del av framparten vart stoppa ut og heng i gangen, seier Øyvind Solbakken. Ved sida heng framparten av ein kronhjort Solbakken felte nokon år seinare.

I den same avisa for 30 år sidan kunne forresten VTB melde at Roar Aasen i Krypen jagtcompagnie i Øyfjell, skaut ein kjempeelg som jegerane trudde vog 350 kilo. Til Vest-Telemark blad blei det fortalt at dette nok er den største elgen som nokon gong er felt i Øyfjell. Elgen hadde 15 taggar.