Har kontroll på situasjonen

Den smitta har på eige initiativ vore i frivillig karantene.

Det var tysdag det fyrste smittetilfellet blei stadfesta i Seljord kommune. Onsdag melder kommunen at det er kontroll på situasjonen.

– Alle nærkontaktar er kontakta og følgd opp av kommunens smitteteam. Personen som har påvist smitte har på eige initiativ vore i frivillig karantene, etter å ha returnert frå Oslo, skriv kommunen.