Har jobba 25 år i kommunen. Denne veka blei dei heidra
Seks jubilantar har hatt 25-års teneste i Seljord kommune, og vart heidra under ei markering på Nutheim måndag.
Jubilantane som var til stades er Anne Elin Natadal, Sigbrit G. Valhovd, Elin Rebekka Groven og Anne Marie Dahle.
Ellen Irene Loftsgarden og Marit Hauglid Samland jubilerer også i år, men kunne ikkje delta på feiringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar, kommunedirektør, aktuelle kommunalsjefar og einingsleiarar var til stades og gjorde stas på jubilantane.
– Seljord kommune er stolt over å ha tilsette som blir i kommunen over lang tid. Me gratulerer med jubileet, og håper på mange fine år vidare, er helsinga frå Seljord-rådmann Rikke Raknes.