Foto: Google Maps

Har funne død mann i vatn

Spor på staden tyder på at mannen har falle ut av ein båt.

Politiet melder sundag føremiddag om at det er funne ein død mann i Fiskemovatn i Vinje.

Tidleg sundagsmorgonen blei det sett i gang søk etter ein mann som hadde forlatt ei hytte for å fiske. Han reiste ut klokka 15 laurdag, men kom ikkje tilbake som avtalt. Ein arbeidskollega melde han sakna, ifylgje TA. Politi, brannvesen, Seaking og frivillige ressursar har deltatt i leiteaksjonen.

– I samband med søk etter mannen har redningsmannskap funn ein død mann i vatnet, melde politiet klokka 10.02.

Spor på staden tyder på at mannen har falle ut av ein båt. Pårørande er varsla om funnet.

Politiet har enno ikkje sikker id.