Jarle Aabø på fjøssecena.

Hadde konsert for 75 menneske – og 52 kyr

Fjøsbesøket på Mostøyl i Tokke gjorde inntrykk på Jarle Aabø.

Publisert

– Eg har aldri vore i eit fjøs der ku-trivsel og dyrevelferd har vore så tydeleg, seier Aabø til VTB. 

Derfor spurde han bøndene, Olav Gunleik Mostaul og Turid Opsund, om å få synge påska inn saman med kyrne i fjøset. Svaret var ja. Laurdag spela han og Herman Gautefald konsert for 52 kyr og 75 menneske i fjøset på Mostøyl i Tokke. 

– Heldigvis lika også godtfolk ideen og etter 15 eigne låtar var levert, rauta kyrne like fint, og både spelemenn og publikum hadde hatt ei sjeldan oppleving, seier Aabø. 

Han legg til at dei gjerne gjer det igjen.

– Så finst det eit fjøs som vil ha besøk, så kjem med fele, gitar og song. Me treng berre stikkontakt til lyd og lys!

Om lag 75 personar fekk med seg fjøskonserten.
Dei firbeinte var også nysgjerrige.
Powered by Labrador CMS