Gunstein fekk Kongens Fortjenstmedalje
Denne veka fekk Gunstein Draugedalen frå Kviteseid den gjeve utmerkinga Kongens Fortjenstmedalje.
Kongens Fortjenstmedalje blir delt ut som ei påskjøning for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid. Det var Kong Haakon som etablerte ordninga i 1908.
Torsdag fekk songar og komponisten Gunstein Draugedalen utmerkinga.
– Uverkeleg, ufatteleg, utenkeleg. Eg vart veldig overraska og rørt. Eg tok til tårene, ja, seier Draugedalen til avisa Vårt Land som omtalte saka fyrst.
Draugedalen er født i 1946 i Kviteseid, men flytta frå heimbygda som 16-åring. Som tenåring byrja han med musikk, og han er utdanna ved Musikkonservatoriet i Oslo og Asgar bibelskule. Han debuterte med Ep-en «Jeg følger min frelser» i 1964.
«Tett ved sida mi går Jesus» og «Doggdråpen» er av dei mest populære låtane til Draugedalen. Han har tonesett fleire av dikta til Knut Hamsun, og har fleire melodiar i salmeboka. Gjennom mange tiår har han også samarbeidd med Olav Mosdøl frå Kviteseid, og i 2019 gav dei ut plata «Songen gjennom alle tider» – som inneheld det meste frå det lange samarbeidet. I 2022 debuterte han også med diktboka «Frå mi venstre hand».