Styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA), Øystein Øygarden og frimerkedirektør Roar Toresen i Posten Bring avduka det nye frimerket på Lokalavistoget torsdag.

Lokalavisene får eige frimerke

Norske lokalaviser blir heidra med eit eige frimerke.

Publisert

– I mange land forsvinn lokalavisene, og lokalsamfunn mister både fellesskap og kritisk journalistikk. I Noreg ser me det motsette med eit sterkt nettverk av lokalaviser som framleis når breitt ut og speler ei avgjerande rolle i folks kvardag. Det er ein viktig grunn til at me ønskjer å løfte dei fram på eit frimerke, seier frimerkedirektør Roar Toresen i Posten Bring i ei pressemelding.

2026 er lokalavisenes år, og i samband med femtiårsjubileet til Landslaget for lokalaviser (LLA) ønskjer Posten å heidre lokalavisene og folka som jobbar der.

Noreg har over 150 lokalaviser, og nordmenn er framleis blant det mest avislesande folket i verda.

– Lokalavisene er grunnfjellet i det norske mediemangfaldet. Dei dekkjer alt frå dei små, nære historiene til dei større og tyngre sakene om lokal politikk og demokrati. Lokalavisene er heilt avgjerande for både tillit og engasjement i lokalsamfunna. Utan lokalavisene ville mykje av det som skjer rundt oss aldri vorte fortalt, seier generalsekretær Tomas Bruvik i LLA.

Frimerkemotivet speglar nettopp denne spennvidda i journalistikken, med ei klassisk lokalavis-sak, nemleg omtalen av den første hestehoven i år.

For Posten er frimerket også ei påminning om eit langvarig samspel.

– I generasjonar har me frakta avisene ut til folk over heile landet, også der avstandane er store. Lokalavisene og Posten har vore tett knytt saman i utviklinga av det norske samfunnet, og dette er ein måte å anerkjenne den rolla dei framleis speler, seier frimerkedirektør Toresen.

Lokalavisåret får sitt eige frimerke.

 

(©NPK)

Powered by Labrador CMS