Gunnar (32) omkom i brannen

Det var Gunnar Kleiv Waal (32) frå Kviteseid som brann inne i Kviteseid sundag.

Det melder politiet i Sør-Aust i ei pressemelding måndag ettermiddag. Namnet blir frigitt i samråd med dei pårørande.

– Politiet etterforskar brannen vidare for å kunne få mest mogleg oversikt over hendinga og årsakstilhøve. Det blir gjennomført vitneavhøyr og planlagt åstadsgransking i løpet av næraste framtid, melder politiet i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var like før klokka 6 sundag morgon at politiet fekk melding om brannen. Politiet meldte klokka 7.41 at det var gjort funn av éin person. Klokka 9.43 meldte politiet at personen som vart funnen, ein mann i 30-åra som bur i huset, var død.

Les også
Mann funnen død etter brann i bustadhus. Politiet har ikkje kome i gang med undersøkingane
Les også
Ordføraren: – Djupt tragisk