Skogbrann: Klokka 20.30 måndag kveld brenn det fleire stader i terrenget på Telnesøyane i Seljord.

Måndag brann det fleire stader i terrenget på Telnesøyane

Rett etter klokka sju måndag kveld vart brannvesenet i Seljord kalla ut etter dei fekk melding om grasbrann på Garvikstrondi i Seljord. Det brann fleire stader i terrenget vel ein kilometer frå Telnessanden camping, på Telnesøyane.

– Brannvesenet er på staden og er i gang med å sløkke. Omfanget er ikkje heilt klart, men det er såpass at det er kalla inn brannmannskap frå fleire stader, sa Martin Slevigen på 110-sentralen klokka 19.40, til avisa Varden.

TA melde like etter at Nome og Midt-Telemark brann og redning avdeling Bø hjelpte til i arbeidet med å sløkke brannen. Mannskap frå Kviteseid brannvesen var også på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet i Sør-Aust melde at dei var på staden og at det var om lag tre mål som brann. Brannvesenet arbeidde med å få kontroll på brannen, og venta bistand frå brannhelikopter og sivilforsvaret.

Klokka 21.11 melde politiet i Sør-Aust at brannvesenet hadde kontroll på brannen, og at brannhelikopteret var i gang med ettersløkking, som ein kan sjå i videoen under.

Dei ulike etatane som styrer sløkkearbeidet er nå på campingplassen.
Ettersløkking: Brannhelikopteret har kome til Telnessanden, og skal bistå med ettersløkking.