Fylkesordføraren: – Omtrent som venta

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen saknar eit løft på fylkesvegane i statsbudsjettet.

– Omtrent som venta, seier Riis-Johansen i ei pressemelding.

Han er glad for løyvinga til Bypakke Grenland blir vidareført, og at det blir varsla oppstart og bygging av tunnel mellom Røldal og Seljestad på E134 over Haukeli i 2024.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men er skuffa over at det ikkje er midlar til vidare utbygging av Vestfoldbanen, og at det ikkje er noko løft på fylkesvegar, seier fylkesordføraren.

Riis-Johansen understrekar at det er bra at pågåande utbygging av Vestfoldbanen blir vidareført, men forventar at Stortingets vedtak under behandlinga av Nasjonal Transportplan 2022-2033 blir oppretthalde. Der la Stortinget til grunn at InterCity-satsinga, som Vestfoldbanen er ein del av, må bli gjennomført.