Fylkesmannen: Hytteforbodet i Vinje er ugyldig

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har konkludert med at hytteforbodet i Vinje er ugyldig.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) sa tidlegare i dag at han venta denne avgjerda, og kalla det ein skinnprosess etter at helseminister Bent Høie alt i dag til morgon kalla det forlenga hytteforbodet ulovleg.

Fylkesmannen meiner at det kommunen oppnår med eit forbod ikkje oppfyller hensikten med smittevernforskriften.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesmannen meiner den inngripen dette har i fridomen for norske borgarar til å bevege seg, ikkje står i forhold til kva ein oppnår.

Heile vedtaket frå Fylkesmannen finn du her.

Det var Varden som fyrst omtala avgjerda frå Fylkesmannen.

Til VG i dag uttala ordførar Kleven om signalet frå helseministeren om at forbodet var ulovleg:

– Det betyr at vi kjem til å få corona-smitte til Vinje i løpet av neste helg. Det har ikkje vi kapasitet til å takle.

Bakgrunnen for hytteforbodet til 27. april er at kommunen fryktar ei forsinka påskehelg neste helg.

Fylkesmannen presiserer i vedtaket sitt at dei tydelege råda om å ikkje foreta unødige fritidsreiser framleis gjeld.