«Dette blir ein skinnprosess der fylkesmannen sjølvsagt ikkje gjer noko anna enn det statsråden allereie har konkludert med.»

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven viser til at justisministeren og den nasjonale rettleiaren har lagt til grunn at ein må ta lokale omsyn der det er spesielle situasjonar.

– Det meiner vi det er i Vinje, men desse vurderingane er då utan interesse for Helseministeren - no er det A4 som gjeld, skriv Kleven på Facebook som ein kommentar til at Fylkesmannen har varsla at dei vil kontrollere den lokale forskrifta med hytteforbod i kommunen.

Heile meldinga til ordføraren

«I går kveld kl 22 fekk eg melding av Fylkesmannen med varsel om at dei ville kontrollere om forskrifta til Vinje kommune er lovleg. I den samanheng får alltid kommunen skriftleg gjere grei for sitt syn og sine faktiske og rettslege vurderingar. I dag tidleg gjekk Helseministeren ut i meida og konkluderte med at forskrifta til Vinje kommune er ulovleg. Eg forstår då at fylkesmannen har sett i verk ein skinnprosess, og at det ikkje blir nokon selvstendig juridisk vurdering av Fylkesmannen med kontradiksjon for kommunen. No skjer kontroll av om forskrifta er lovleg etter prinsippet: Kva for konklusjon ynskjer statsråden? Det er kjedeleg all den tid Vinje kommune har gode medisisnkfaglege grunnar, og har hatt kontakt med tlisett med doktorgrad i helserett ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo for å få vurdert at vi har rett lovheimel. Jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen uttalte til Dagbladet onsdag at lokalt hytteforbud har trolig kommunene anledning til å gjennomføre. I tillegg har justisministeren og den nasjonale rettleiaren lagt til grunn at ein må ta lokale omsyn der det er spesielle situasjonar. Det meiner vi det er i Vinje, men desse vurderingane er då utan interesse for Helseministeren - no er det A4 som gjeld. Alle kommunar er like. Det er også rart når Grunnlova og ny kommunelov har nedfelt retten til kommunalt sjølvstyre, at ikkje kommunen sine faktiske og rettslege vurderingar ikkje blir tillagt stor vekt, men no ikkje ein gong skal høyrast. Smittevernslova er trass alt ein lov som er lagt opp til at nettopp lokale omsyn skal slå inn. Då blir dette ein skinnprosess der fylkesmannen sjølvsagt ikkje gjer noko anna enn det statsråden allereie har konkludert med.»

Artikkelen held fram under annonsen.