Ein månad som avløysar i Rondane overbeviste Frøydis.
Ein gard på bygda – det er slik ho vil leve.
Litt lenger tid tok det for sambuar Kaisa å bli like sikker.
– Eg køyrer f... ikkje opp dei bakkane om vinteren, sa Kaisa.
Men. Under eitt år etterpå har dei sagt opp jobbane i Oslo, kjøpt gard og skaffa seg to hestar.