Fleire arbeidsledige i fylket, men færrast i Vest-Telemark

Det har blitt fleire arbeidsledige i Vestfold og Telemark i juli, men dei seks kommunane i Vest-Telemark har lågast arbeidsløyse i fylket.

– Arbeidsløysa aukar i juli. Det er normalt at det er ein del rørsle på arbeidsmarknaden i juli, mellom anna fordi mange er ferdige med utdanning, militærteneste eller liknande. Arbeidsløysa held seg likevel på eit lågt nivå. Det er også ein del ledige jobbar slik at det kan vere gode moglegheiter for å kome seg inn på arbeidsmarknaden, seier Tone Berge Hansen, avdelingsdirektør i NAV Vestfold og Telemark, i eit presseskriv.

Tal frå Nav viser nemleg at det har blitt færre arbeidsledige i fylket vårt i juli. 4 607 personar, 2,2 prosent av arbeidsstyrken, var registrert som heilt arbeidsledige denne månaden. I heile landet er 1,8 prosent ledige.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala varierer mellom kommunane. Høgast arbeidsløyse er det i Horten, Skien og Porsgrunn, minst i Vest-Telemark. Aller lågast arbeidsløyse er det i Fyresdal og Nissedal.

I Vinje er 20 personar (1 prosent) utan jobb, Kviteseid 13 (1 prosent), Seljord og Tokke 11 (høvesvis 0,8 og 1 prosent), Nissedal 5 (0,7 prosent), og Fyresdal 0,5 prosent av arbeidsstyrken.

Ifølge Nav var 1898 stillingar utlyst i fylket i juli, tolv prosent fleire samanlikna med same periode i fjor. 470 av dei utlyste stillingane var innan helse, pleie og omsorg, 226 innan butikk- og salsarbeid og 195 innan reiseliv og transport.