Frå arkivet: Denne saka blei fyrste gong publisert 8. mai 2015

Fange nummer 18902
Pappa, Olai Lie (1913–2008), var ein av fleire som blei arrestert og sendt til Grini fangeleir under krigen.
Han var tredje eldst i ein barneflokk på ni, og oppvaksen på Lie like utanfor Åmdals Verk. Under krigen køyrde han bussruta frå Bø til Odda, og han køyrde også ein periode buss for arbeidarane på Herøya. Då var ruta frå Skien til Herøya. I tillegg køyrde han drosje.
Det er ikkje enkelt å hugse ordrett det pappa fortalde, men i samråd med mine to eldre brør har me i fellesskap fått med det meste av det han fortalde oss.
Kulene susa
Utan at me veit årstalet, fortalde pappa at han var i Oslo ein tur under krigen. Han hadde vore ute og skulle tilbake til hotellet, Standard Hotel, då han fekk auge på eit par tyske soldatar som patruljerte gatene. Då klarte han ikkje la vere og han plystra Internasjonalen akkurat så høgt at han visste dei høyrde han. Å gjere slikt i påsynet av okkupasjonsmakta var ikkje smart, og det enda med at han blei teken hand om av dei to tyskarane. Dei heldt han i kvar sin arm og ville ta han med seg til Victoria Terrasse, Gestapos hovudkvarter i Oslo.
Pappa let seg føre med, og han let som om han var sørpe full då dei tok han med seg. Han gjorde seg slappare og slappare dess nærare Victoria Terrasse dei kom, og like før dei var framme kvikna han til, vrei seg laus og la på sprang alt føtene kunne bere han. Kulene susa rundt øyro, men han kom seg bak eit hushjørne og i dekning. Så snart han var ute av syne for tyskarane sprang han så fort han kunne til hotellet.
– Uvørdskap kanskje, men me var viljuge til å ofre livet for ikkje å hamne i hendene på tyskarane. Me ville vise at me ikkje fann oss i dette, sa pappa.



Falske køyresetlar
For å få lov til å køyre drosje under krigen måtte ein ha køyresetlar som var underteikna av lensmannen. Ein slik setel måtte innehalde kvar og når køyreturen skulle finne stad. Og fekk ein ikkje tak i slikt på lovleg vis, fanst det andre måtar å klare det på.
Det er usikkert om pappa var med på å bryte seg inn på lensmannskontoret på Dalen for å stele køyresetlar og stemple dei, eller om han var med å forfalska slike setlar. Han var ikkje aleine om «ugjerninga», men hadde med seg ein god kamerat som me ikkje nemner namnet på.
I alle fall skaffa han seg fleire køyresetlar enn han eigentleg skulle ha.
Med livet som innsats
I blant tok han på seg å frakte såkalla hemmelege agentar frå ein stad til ein annan. Den mest dramatiske turen hadde han då han skulle ha med seg ein ikkje namngjeven kar i drosja. Denne hemmelege agenten hadde kome frå England og blitt sleppt i fallskjerm på Hardangervidda. Han måtte til Porsgrunn koste kva det koste ville.
Det var vanleg med tyske kontrollpostar langs vegen og ved Geiteryggen, like før ein kjem til Skien, var det nesten utan unntak ein slik post.
– Eg fekk spørsmål om eg var viljug til å ofre livet for å få denne agenten gjennom kontrollposten. Han hadde våpen og måtte skyte seg gjennom for å kome til Porsgrunn dersom me blei stoppa. Eg sa at eg var viljug til å ta sjansen. Men som eit under var det ikkje kontroll akkurat denne kvelden, sa pappa.
Drosja hadde knottgenerator og blei altså driven av vedgass. Som lønn for innsatsen fekk pappa 20 liter bensin av kontaktpersonen til den hemmelege agenten då han kom til Porsgrunn. Det var nesten umogleg å få tak i bensin på den tida så det var ei påskjønning av stor verdi. Det seier truleg noko om kor viktig det var å få denne hemmelege agenten trygt fram til Porsgrunn.
Massearrestasjonar
– Tyskarane fann meg ikkje, men dei truga med å arrestere far min, så eg hadde ikkje noko anna val enn å melde meg, sa pappa.
For at ikkje bestefar Tjøstolv Olavsson Botnen (1888–1959), flytta seinare til Lie og tok det etternamnet, skulle hamne i klørne til tyskarane meldte altså pappa seg. Saman med 21 andre frå området blei han arrestert og plassert i kjellaren på Bandak hotell på Dalen. Der blei fleire av dei arresterte mishandla. Dei blei hengt opp i krokar i taket under harde avhøyr.
Dårlege forhold på Grini
Så blei dei sendt vidare til Skien, og så til Larvik før dei kom til Grini 25. mars.
Han fortalde ikkje mykje frå tida på Grina, men me forstod på han at det var ei vanskeleg tid. Han fekk lungebetennelse då han var der.
– Me var førebudde på at me aldri kom derifrå, og mange hadde det vanskeleg. Det var veldig dårlege sanitærforhold der, og det er vanskeleg å beskrive korleis det var å vere der, sa pappa.
Han skreiv i si tid namna på dei som blei arresterte 20. mars. Han skreiv også fangenummeret deira, og alle saman sat i fangenskap på Grini til dei blei sett fri 9. mai 1945, dagen etter at tyskarane hadde kapitulert.
Fangenr. 18895 Halvor Skjelvik
Fangenr. 18896 Arne Lie
Fangenr. 18897 Ole Johan Byggstøyl
Fangenr. 18898 Olav Skafså
Fangenr. 18899 Gjermund Huvestad
Fangenr. 18900 Kjetil Huvestad
Fangenr. 18901 Gunnar Kjesteveit
Fangenr. 18902 Olai Lie
Fangenr. 18903 Hans Vinfred Christensen
Fangenr. 18904 Håkon Severin Heggeland
Fangenr. 18905 Harald Nitter (lege)
Fangenr. 18906 Kåre Brattestå
Fangenr. 18907 Ottar Taraldlien
Fangenr. 18908 Ivar Kåre Haukelidsæter
Fangenr. 18909 Olav Brattestå
Fangenr. 18910 Lars Håvard Vadder
Fangenr. 18911 Anders Taraldlien
Fangenr. 18912 Gunnulf Haukelidsæter
Fangenr. 18913 Ragnar Leonard Bendiksen
Fangenr. 18914 Ole Pedersen
Fangenr. 18915 Einar Kjerulf Hansen
Fangenr. 18916 Klas Vistad
I tillegg blei fangenr. 19045 Steinar Torgny «Boa» Vadder arrestert 19. mars 1945. Han kom til Grini 6. april 1945.
Ingen av desse er i live i dag.