Vesttelar vaktar Fjellvåken og Mogen i sommar
På tur med Fjellvåken II til Mogen Turisthytte trefte VTB mange vesttelar i sommarjobb.
Fjellvåken II er eigd av DNT Telemark, Vinje kommune og Tinn kommune. Dagleg leiar for Fjellvåken AS Jostein Hylland bur på garden Holvik saman med sambuaren Hege Annette Vågen. Saman har dei to born som begge skal hjelpe til på Fjellvåken i sommar. Hylland har også vore ansvarleg for postleveringa på Møsstrond sidan 2023.
Om bord i båten kan ein blant anna kjøpe nysteikte vaflar frå Kjersti Hylland Vågen (14). Ho har plan om å jobbe på Fjellvåken i fire veker av sommarferien. Veslebror Aasmund (11) er også med og hjelper til.
Nytt stopp på Hovdenøya
Nytt for denne sesongen er at båten også stoppar på Hovdenøya om nokon har førehandsbestilt dette i bookingsystemet. Ordninga blir eit prøveår for å samarbeide med Eline Benneche Gulsrud på Møsstrond turisthytte. Gulsrud hoppa entusiastisk om bord då Fjellvåken plukka henne opp på veg til Mogen.
Nye Mogen turisthytte
Framme på Mogen er det fleire lokale fjes som møter effer ein. Torbjørg Lien (58) frå Rauland flytte til garden Liset på Møsstrond i 2019. Det angrar ho ikkje på, og denne sommaren blir hennar tredje på Mogen turisthytte.
Med på jobb er dottera Åsne (26). Ho bur i Skafså med sambuar, men er elles innom familen på Møsstrond så ofte ho kan.
Mogen turisthytte blei restaurert utvendig i 2023, og innvendig frå 2024. Ei som set pris på dei nye fasilitetane er Indianna Larsen Solbakken (17) frå Rauland som har sin fyrste sommar som tilsett på Mogen. Ho skal jobbe fire veker til saman i løpet av skuleferien.
Den beste løysinga
Diskusjonen om den nye Mogen-hytta gneistra for nokre år tilbake. Dagleg leiar Kyle O'Donoghue er nøgd med at ein landa på å restaurere den originale hytta.
– Eg var ikkje veldig motstandar av nytt bygg, men tenkjer at me landa på den beste løysinga. Slik det er no kan ein kome inn og kjenne att Mogen slik den var, og det er verdt mykje, seier han.
Sjå bilete frå innsida av nye Mogen her: