Eitt nytt smittetilfelle i Kviteseid

Kviteseid kommune melder om eitt nytt smittetilfelle måndag.

Sundag melde kommunen at fire personar var smitta av Covid-19. Det er ein nærkontakt av ein av desse som nå har testa positivt.

– Vedkomande er i isolasjon og smittesporing er ikkje naudsynt, melder beredskapsrådet i kommunen.