Matsvinn: 32 prosent av det som hamnar i restavfall er mat.

Ein tredel av søpla i restavfallet er mat

Renovest har gjort ein plukkanalyse av restavfallet til 28 husstandar i Vest-Telemark. Den viser at berre 37 prosent av avfallet faktisk var restavfall.

Resten av søpla skulle ikkje vore kasta i restavfall. Ein nesten like stor del av søpla som vart kasta i restavfallet var mat, nemleg 32 prosent. I tillegg var det tolv prosent plast, ni prosent glas/småmetall, seks prosent papir og fire prosent papp.

– Avfall er ikkje avfall, men ein ressurs som me vil materialgjenvinne. Det betyr at me vil ha ut plast for å lage ny plast, papp og papir for å lage nytt papp og papir, og all matavfallet sender me til Treungen for å gassforbrenne det slik at det blir biogass, fortel Else Ann Hauglid, driftsleiar ved Renovest IKS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Renovest hentar nå restavfall berre kvar tredje veke, det same gjeld papp/papir og plast. Renovasjonsselskapet har fått ein del telefonar frå abonnentar som ikkje er fornøgd med den nye køyreplanen, fordi dei meiner det blir fullt i dunken som rommar 120 liter. Haugli minner om at om folk kjeldesorterer rett vil det ikkje bli fullt før neste henting.

– Denne plukkanalysen seier alt om det. Det er mykje papp, papir, plast og ikkje minst mat som blir kasta i restavfallet. Ein del har ei haldning om at dette er tull, men me følger nasjonale vedtekter. Dei lokale forskriftene, som er godkjent av alle kommunane, seier at alle er plikta til å kjeldesortere, seier Haugli.

Ho peikar også på at plast tek veldig stor plass, og om ein kastar plasten saman med restavfallet vil dunken fylle seg fortare opp.

Papp og papir: Papp og papir skal ikkje i restavfallet. – Avfall er ikkje avfall, men ein ressurs som me vil materialgjenvinne.

Verst med matsvinnet

Plukkanalysen viser at det blir kasta nesten like mykje mat som restavfall i dunkane for restavfall. Det synest Haugli er ille.

– Det har vore så mykje fokus på matsvinn den siste tida, men folk kastar likevel mykje mat. Om du må kaste mat blir det i alle fall til ein ressurs om du kjeldesorterer rett.

Renovert gjorde ein tilsvarande plukkanalyse for tre år sidan også, resultatet var omtrent det same den gong. Då var 35 prosent av søpla i restavfallet faktisk restavfall, medan 33 prosent var mat, 15 prosent plast, 8 prosent glas/småmetall, 4 prosent papp, 3 prosent papir, 2 prosent metall, og hage og ee-avfall utgjorde ein prosent kvar.

Haugli trur ikkje det er mangel på informasjon som er årsaka til at folk ikkje har blitt stort betre til å kjeldesortere, men dei som er i tvil kan finne informasjon på heimesida til Renovest.

Usortert søppel: Alle har plikt til å kjeldesortere, men ikkje alle er like flinke til det.