Ein person frå Åmot er stadfesta smitta av koronaviruset

Tysdag har Vinje kommune fått beskjed om at ein person som er busett i Åmot er smitta av korona. Personen er nå innlagt på Sjukehuset i Telemark.

– Personen er nå innlagt på Sjukehuset i Telemark, og me jobbar nå iherdig med smittesporing, opplyser ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven.

Han vil ikkje gje meir informasjon om tilstanden til vedkommande eller kor lenge vedkommande har vore på sjukehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk beskjed i dag om at det var testa positivt. Nå jobbar me for å få oversikt, seier Kleven.

Dermed er det fyrste tilfelle av korona stadfesta i Vest-Telemark. Frå før sat det to smitta personar på ei hytte i Rauland, men desse er registrert som smitta i sine heimkommunar. Dei er nå friskmelde, og reiser heim i dag.