Politiet har hatt kontroll ved skular

Politiet hadde trafikkontroll ved skular i Vinje torsdag.

Ved Edland skule blei 21 bilistar kontrollerte. Éin bilist fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, melder politiet.

I Rauland var det 72 som blei kontrollerte. Her var resultatet det same; éin bilist fekk gebyr for å ikkje bruke belte.