Paint On Pots har blitt ein populær aktivitet.

– Eg trur folk er sultefora på noko som er litt meir jordnært, noko utan skjerm

På årets Vrådalsdag kan du prøve ut det populære konseptet «Paint on Pots». – Eg har stor tru på at dette vil fenge vesttelen, seier Lise Marit Syftestad.

Lise Marit Syftestad kjem opphavleg frå Kviteseid, men bur i dag på Syftestad gard på Notodden saman med sambuaren Martin. 

– Me flytta frå Oslo og hit etter å ha vore saman i berre 4,5 månad. Det gjekk fort i svingane, men me har ikkje angra, ler ho. 

Draumen hennar var å flytte heim til Telemark, og Notodden vart eit godt kompromiss, sidan dei begge ofte pendlar til Oslo.

No driv dei garden på ein moderne måte, og ei av satsingane deira er konseptet med måling på keramikk. Gjennom ein franchise-avtale med «Paint On Pots» – ein keramikk-kafé starta av to jenter i Oslo – har Lise Marit og Martin opna ei eiga avdeling heime på garden. Der tilbyr dei ulike arrangement i løpet av sommaren der folk kan booke tid for å koma og måle på handlaga keramikk frå Italia.

Lise Marit og Martin driv Syftestad gard på Notodden på ein moderne måte, og tilbyr mellom anna «Paint On Pots».

– Eg har alltid vore interessert i handverk og keramikk, og ville skape noko som er både kreativt og sosialt. Dette konseptet gjer at folk kan delta utan å måtte investere i alt utstyret ein treng for å lage keramikk frå botnen av. Du får ei kjensle av å ha laga noko sjølv, og det er både fine gåver og ein koseleg aktivitet, seier ho.

På Vrådalsdagen 5. juli vert det mogleg å teste ut konseptet midt i sentrum av Vrådal, i kjellaren til mor hennar – eller ute, dersom vêret tillèt det. 

– Det var eigentleg mamma som kom med ideen. Ho sa «No er det Vrådalsdagen – kanskje de skal ta det med dit?» Og sidan ho har hus midt i sentrum, var det openbert at me måtte få det til, fortel Lise Marit.

På Vrådalsdagen vil det vere to bookingar, som ein melder seg på via nettsida, men det blir også høve til drop-in. Deltakarane kan velje mellom ulike gjenstandar som mugger, koppar, tallerkenar og skåler dei vil måle på. Etterpå tar Lise Marit det med seg, og det blir glasert og brent på garden. Etter 2–4 veker er det klart for henting eller levering.

– Eg trur folk synest det er litt stas å hente produktet sitt, og at ein til dømes kan drikke kaffi av ein kopp du har laga sjølv, seier ho.

Konseptet kan du prøve på Vrådalsdagen.

Analog kvalitetstid

Lise Marit seier at ein slik aktivitet tvingar ein til å setje seg ned. 

– Og det trur eg ein har ein veldig godt av.

Ho kallar aktiviteten analog kvalitetstid, og peikar på kvifor ho trur konseptet har blitt så populært.

– Ein sit saman, pratar og målar. Eg trur folk er sultefora på noko som er litt meir jordnært, noko utan skjermar, der ein berre kan vere til stades og gjere éin ting, seier ho.

Lise Marit trur konseptet vil falle i smak også utanfor byane.

– Eg trur dette fangar interessa til folk. Og så er det veldig koseleg for meg å ta med vårt nye konsept på garden heim til bygda mi. Eg trur vesttelane er veldig kreative, og det må dei få utløp for, smiler ho.

Powered by Labrador CMS