Dette er lysforureining, meiner hyttenaboen. – Ballen er tatt i mot, svarar huseigaren
Ved brøytestasjonen på Torvetjønn står sløyfer med kraftig LED-lys på dag og natt heile vinteren. Det gjev godt arbeidslys, men skapar også lysforureining.
Ikkje alle er like medvitne kva lysforureining er. Det oppdaga flatdølen Signe Raftevold Rue då ho skreiv masteroppgåve om hyttefolk i Rauland sine haldningar til lysbruk på hytta.
– Det er ikkje så konkret som plast i havet og søppel i naturen, men eg opplevde at det var mange som interesserte seg då dei fekk spørsmål som handla om lysforureining, seier Rue.
Artikkelen held fram under annonsen.
– «Oi, så spanande og interessant», sa folk.
Ein hytteinnbyggar i Rauland som i alle fall interesserer seg for dette temaet er Eva Grendstad. Førre vinter tok ho tastaturet fatt for å få gjort noko med det kraftige LED-lyset på brøytestasjonen ved Torvetjønn. Ho gjorde kommunen merksam på lysforureininga i november 2023, men registrerte at lysslynga likevel stod på natt og dag heilt fram til påska 2024.
Grendstad si oppmoding gjekk vidare til Presis Vegdrift, som bruker brøytestasjonen, og Grendstad håpa at dei ville vurdere lyssettinga når brøytesesongen 23/24 var over. Men då vinteren banka på døra att i starten av desember 2024 blei lysslynga igjen tatt i bruk, og i starten av januar skreiv Grendstad derfor eit nytt brev til kommunen.
«Me forstår godt at Presis Vegdrift treng godt lys når det er mørkt ute og det er aktivitet på stasjonen, og verdset innsatsen dei tilsette gjer dag og natt for at me alle skal kunne ferdast trygt på vegane i området,» skriv Grendstad, og held fram:
«Problemet med LED-lysslynga dei bruker er at den ikkje avgrensar seg til å lyse opp plassen utanfor stasjonen, men at den sender lyset opp og ut i omgjevnadane.»
Ho har fått med seg at Vinje kommune har tatt grep for å avgrense lysforureining frå hyttefelt ved å regulere korleis lyssettinga på hytter skal vere, og håpar kommunen også kan ta ny kontakt med brøyteselskapet for å få gjort noko med lyset på Torvetjønn brøytestasjon.
Kommunen har sendt oppmodinga vidare til Presis Vegdrift, som svarar at saka er tatt vidare med fylkeskommunen sidan det er dei som eig bygget.
«Me ønsker ei løysing med nye lys på bygget, men ventar på attendemelding,» skriv avdelingsleiar i Presis Vegdrift Anne Strandskogen Hamre til kommunen. VTB har også kontakta Hamre, som svarar at dei jobbar med saka, og viser til byggeigaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dermed ligg lysballen hos Telemark fylkeskommune, som eig Torvetjønn brøytestasjon.
– Ballen er tatt imot, seier seksjonsleiar på vegdrift i fylkeskommunen Borgar Slørdal.
Han rettar ein stor takk til Grendstad som har gjort dei merksame på situasjonen.
– Me kan dessverre ikkje garantere noko umiddelbar betring. Men me vil ta med oss innspelet og ved høve sjå på kva me kan gjere for å unngå unødvendig lysforureining.
– Alt ligg til rette
Lysforskaren frå Flatdal meiner alt ligg til rette for at denne saka skal løyse seg. Det finst alt lysvettreglar, til dømes dei som er utarbeidd av organisasjonen Bevar Mørket. Rue synest også det er positivt at Presis Vegdrift har fokus på miljøet på sine nettsider, og at dei fram til nyleg har hatt på plass ei miljøsertifisering gjennom ordninga ISO 14 001.
– Dette les eg som ei bedrift som vil ta klima- og miljøansvaret sitt på alvor, slår ho fast.
Men nettopp klima og miljø kan dra i litt motsette retningar innimellom, påpeikar Rue, som gjettar at den konstant lysande LED-stripa til Presis Vegdrift ikkje er særleg økonomisk belastande. Dermed kan dei sløse med lyset utan at det får konsekvensar for straumrekninga, og i tillegg kan dei krysse av «lågt energiforbruk» i miljøsertifiseringa si.
Men sjølv om LED-lys bruker lite energi og slik sett er klimavenleg, så har dei i utgangspunktet eit kraftig, kvitt lys som oppfattast som meir plagsamt for både menneske og dyr enn til dømes lys frå ei glødepære.
Artikkelen held fram under annonsen.
Likevel er LED-teknologien slett ikkje håplaust for miljøet, skundar Rue seg å påpeike, for den er svært fleksibel med tanke på moglegheit for dimming, fargeval og fjernstyring, noko som gjer at ein kan minske den negative effekten av lyset. Det er berre at ein må ta desse moglegheitene i bruk.
– Retningslinene er der, sertifiseringsordningane er der, teknologien er der, men Ola og Kari Nordmann som monterer lyset må også hugse på det, seier Rue.
Etter masterprosjektet sitt har ho vald å halde seg optimistisk.
– Temaet lysforureining og unødvendig lysbruk engasjerer. Det er flott at enkeltpersonar stiller spørsmålsteikn ved lysbruk og behov. Det er flott at bedrifter ønsker å vere miljø- og klimafokuserte. Det er teknologiske løysingar, og det finst moglegheiter for å regulere, utdjupar ho engasjert.
– Eg har trua på det, men ein treng at ein blir sparka litt bak.
Lysvettreglane
1. Nytte: Alt lys skal ha eit klart føremål.
2. Retning: Lyset skal berre rettast dit det er naudsynt.
3. Blending: Unngå blending ved bruk av utelys og hovudlykt.
4. Lysnivå: Bruk det lågaste naudsynte lysnivået.
5. Styring: Lys skal berre brukast når det er behov.
6. Farge: Bruk lyskjelder med varm farge der det er mogleg.
Kjelde: Bevar Mørket sin lysrettleiar