Kommuneoverlege: Kine Jordbakke.

«Det vil vera eit overgrep mot helsearbeidarane – som å sende folk i krigen utan gevær.»

Seljord kommune har smittevernutstyr som rekk berre éi veke fram i tid.

Det opplyste kommuneoverlege Kine Jordbakke til kommunestyret i Seljord torsdag. Ho sa at det ikkje er signal som tyder på at situasjonen er endra dei neste 2–3 vekene. Smittevernutstyr blir bruka kvar dag, men om det kjem smitte vil behovet for utstyr gå monaleg opp.

– Det går mykje utstyr sjølv om me ikkje har nokon i kommunen med påvist smitte, sa Jordbakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen gjer alt dei kan for å unngå koronaviruset, informerte kommuneoverlegen då ho gav si medisinskfaglege vurdering som bakgrunn for dei strenge restriksjonane i Seljord.

I krigen utan gevær

– Kva er konsekvensane på å mangle smittevernutstyr? Kva er risikoen om ein går tom eller må rasjonere? spurde varaordførar Sondre Aasan (Sp).

– Dette er eit ekstremt smittsamt virus. Konsekvensen er at mange helsearbeidarar blir sjuke. Pasientar vil bli smitta. Me vil få ein ukontrollerbar smittesituasjon. Det kan ikkje samanliknast med Italia, men Italia er eit døme på mangel på smittevernutstyr.

– Det vil vera eit overgrep mot helsearbeidarane – som å sende folk i krigen utan gevær, biletgjorde kommuneoverlegen.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide sa ho fekk vondt i magen då informasjonen om smittevernutstyr-kapasiteten kom på bordet til beredskapsleiinga.

Kommunen har i samarbeid med Atelier Aase byrja eigenproduksjon av smittevernutstyr. Det er flyktningtenesta og skreddar Ehssan Issa som har tatt initiativ til denne produksjonen.

Kommuneoverlegen skulle elles gjerne ha testa alle med symptom på koronaviruset, men nasjonalt er det framleis stor mangel på testar.

– Det gjer kontrollen med smittespreiing og smittesporinga mykje vanskelegare, sa Jordbakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Isolat på Heddeli

Ho sa det framleis blir arbeidd med å rigge ei korttidsavdeling med seks plassar på Nesbukti for dei som har symptom på luftvegsproblem, men som på grunn av smittefare ikkje kan leggast på sjukeheimen. Men også for dei som kjem frå sjukehuset.

Det blir også jobba med eit isolat på Heddeli, men her treng kommunen fleire av nabokommunane med.

– Personell er ein kritisk ressurs og me er heilt avhengig av eit interkommunalt isolat, sa ho.

Jordbakke fortalde også om ei sårbar ambulanseteneste. Ved å køyre smitta personar til sjukehuset vil ein bil vera borte i sju timar, det inkluderer fire timar vask etterpå.

Framleis i tidleg fase

Kommuneoverlegen gjentok det ho og kollegaene i Vinje, Kviteseid og Tokke tidlegare har ytra om at det er skilnad på by og land. Seljord er framleis i ein tidleg fase av epidemien, og i denne fasen blir reiserestriksjonar trekt fram som eit verkemiddel. Derfor er det viktig med lokal forskrift.