Solveig Sundbø Abrahamsen gjev seg etter to periodar på Stortinget.

– Det er ei tid for alt

Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Flatdal har varsla nominasjonskomiteen i Vestfold og Telemark Høgre at ho ikkje tek attval til Stortinget frå 2021.

Stortingsrepresentanten meldte sjølv om avgjerda på si Facebook-side. Fristen for å melde frå til nominasjonskomiteen er 1. mai.

– Det er litt vemodig, men eg har hatt tid til å tenke gjennom avgjerda. Det er ei tid for alt, seier Abrahamsen som i 2021 har sete åtte år på Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før det var ho ordførar i Seljord i seks år.

– Eg har vore politikar på heiltid sidan 2007 og nå føler eg tida er inne for å gjera andre ting. Men det er ennå att ei god tid av denne perioden, som eg vil bruke til å stå på for Telemark, melder ho på Facebook.

Til VTB seier ho at ho ikkje har lagt noko planar for kva ho skal til med når ho neste år går ut døra på Stortinget for siste gong.

– Eg har kring ti år att av yrkeslivet, så me får sjå kva det blir til, seier ho.

Solveig Sundbø Abrahamsen blei den fyrste stortingsrepresentanten frå Seljord på 110 år då ho blei valt inn i 2013. Olav Sveinsson forlet Stortinget i 1903.

Les også:

Les også
Hundreogti år sidan sist
Les også
«Det har vore seks fantastiske år»