Bruce Springsteen får bli med i flyttekassa, men alle dei andre viktige personane Solveig S. Abrahamsen har hatt rundt seg dei siste seks åra må nok bli att i kommunehuset i Seljord.
Bruce Springsteen får bli med i flyttekassa, men alle dei andre viktige personane Solveig S. Abrahamsen har hatt rundt seg dei siste seks åra må nok bli att i kommunehuset i Seljord.

«Det har vore seks fantastiske år»

Det var ikkje med lett hjarta Solveig Sundbø Abrahamsen pakka seg ut av Seljords ordførarkontor denne veka.

– Eg føler eg sit så langt unna dykk i dag. Er det symbolsk, tru?

Solveig Sundbø Abrahamsen kommenterer omorganiseringa av borda i møteromet der formannskapet sit samla. Å leie dette formannskapsmøtet er noko av det siste ho gjer som ordførar i Seljord, i alle fall for denne gongen. I løpet av helga flyttar ho inn på det såkalla stortingshotellet i hovudstaden, der ho skal bu medan ho ventar på svar på søknaden om stortingsleilegheit. For no ventar Stortinget Abrahamsen – og om Torbjørn Røe Isaksen blir sitjande som statsråd ut perioden, blir fyrstevara Abrahamsen sitjande på Telemarksbenken dei fire neste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag leia ho det siste formannskapsmøtet sitt, og vedgår at det er vemodig å søkje om fritak frå ordførarstillinga.

– Onsdag hadde me ein kaffi- og kakeseanse her på kommunehuset for å seie ha det. Då gjekk det opp for meg at eg ikkje skal vera her lenger. Det blei veldig følelseslada, seier Abrahamsen.

Plass i finanskomiteen

Måndag møter ho i Stortinget for fyrste gong. Ho er ikkje i tvil om kva ho kjem til å sakne frå tida som øvste sjef for Seljord kommune.

– Folka. Det er dei eg kjem til å sakne mest, svarar ho raskt, og legg til:

– Det har vore seks fantastiske år. Eg har mange gode vener på huset, og me har eit godt politisk klima i Seljord.

No ventar nye oppgåver, nye kollegaer og ein plass i finanskomiteen. Og faktisk kjem Abrahamsen nærare familien når ho no blir vekependlar til Oslo. Mannen arbeider i hovudstaden, og dottera går på skule der.

– Det var litt rart å skrive fritakssøknaden. Men no ser eg veldig fram til å koma i gang på Stortinget, seier Abrahamsen.

Komitéfordeling Telemarksbenken:

Terje Lien Aasland (Ap): Energi- og miljøkomiteen

Artikkelen held fram under annonsen.

Lene Vågslid (Ap): Justiskomiteen

Christian Tynning Bjørnø (Ap): Kyrkje-, utdanning- og forskingskomiteen

Geir Jørgen Bekkevold (KrF): Familie- og kulturkomiteen

Solveig S. Abrahamsen (H): Finanskomiteen

Kristian Norheim (Frp): Utanrikskomiteen