Ordførar i Seljord, Solveig S. Abrahamsen
Ordførar i Seljord, Solveig S. Abrahamsen

Hundreogti år sidan sist

Den siste stortingsrepresentanten frå Seljord, Olaf Sveinsson, forlet Stortinget i 1903. 110 år etter er Solveig Sundbø Abrahamsen klar for å representere Telemark på Tinget. Fredag melder ho seg til teneste på Løvebakken. – Det er nesten som å hoppe i fallskjerm, kommenterer ho.

Telemark Høgre sin stortingsrepresentant, Torbjørn Røe Isaksen, blei i går utnemnd til kunnskapsminister i den nye regjeringa. Det ga Abrahamsen plass på Stortinget, og no ventar ein heilt ny epoke for Seljord-politikeren.

Seljord har tidlegare hatt to stortingsrepresentantar, Olaf Sveinson frå 1883 til 1903 og Viggo Ullmann, 1886–1900. Det er dermed 110 år sidan sist ein politikar frå Seljord var stortingsrepresentant.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om det lenge har vore spekulert i at ordføraren kunne hamne på Tinget, blei korta haldne tett inntil brystet av den påtroppande regjeringa.

– Eg har ikkje visst noko sikkert, og fekk ikkje endeleg beskjed før seint måndagskveld på telefon frå Isaksen, fortel Abrahamsen, som då alt hadde fått fleire gratulasjonar.

– Det var godt med ei avklaring, seier ho.

Spennande

Alt fredag må Abrahamsen melde seg inn for Stortinget og ho medgjev at det blir spennande framover.

– Det er ein masse følelsar nå. Det er nesten som å hoppe i fallskjerm, og det er med skrekkblanda fryd. Eg veit ikkje kva dette inneber og det blir ei bratt læringskurve framover. Det blir veldig spennande, men eg har stor tru på at det vil gå bra, seier ho.

Endringa frå å vera på toppen av det politiske apparatet i heimkommunen til ein «liten fisk i stort vatn» i Oslo trur ho skal gå bra.

– Det er klart at det blir ei omvelting, bare det å klare å vera synleg. Det er med stor ærbødigheit eg tek mot vervet, og eg håpar på å vera ein god representant for Vest-Telemark og Telemark, seier Abrahamsen, som meiner Isaksen har gått framfor som eit godt forbilde.

Samspel

Samferdsel, næringsliv, arbeidsplassar, busetjing, skule og kommunanes struktur og eigen fridom ser ho på som viktige saker framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er veldig spent på kva for komité eg kjem til å koma i. Det er der ein har høve til eit djupdykk i sakene, men eg veit ikkje om ein blir plassert tilfeldig eller om ein får velje, seier Abrahamsen.

Saman med Lene Vågslid frå Tokke Ap er Abrahamsen ein av to representantar frå Vest-Telemark på Stortinget. På Telemarksbenken er det totlat seks representantar.

– Eg er oppteken av å representere Vest-Telemarkregionen som ein del av Telemark. Ein må ikkje gløyme kvar ein kjem frå, seier Abrahamsen.

Eit godt samarbeid med Telemarksbenken ser ho òg som viktig framover.

– Torbjørn har lova å ta vare på meg. Eg håpar bare at han har tid til det, seier den avtroppande ordføraren.

Svartdal blir ordførar

Som ei fylgje av at Abrahamsen no blir stortingsrepresentant må ein ny ordførar på plass i Seljord. I avtala mellom H, Frp, V og KrF etter valet i 2011 står det at Høgre skal ha ordføraren i kommunen.

Sidan Abrahamsen kjem inn på Tinget i staden for Isaksen, vil det bli søkt om midlertidig fritak frå ordførarvervet. Dette fordi plassen hennar blir borte dersom regjeringa til dømes fell, eller Isaksen må gå av som minister. Ordføraren er valt fram til 2015. Difor blir det varaordførar Jon Svartdal frå Seljord KrF som tek over stafettpinnen framover.

Formannskapet må då velja ein ny varaordførar, og 1.vara Ingunn Haugland rykkjer inn som fast medlem. Slik vil også kjønnsrepresentasjonen i formannskapet halde seg innanfor det lovlege med 57 prosent menn og 43 prosent kvinner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er veldig stolte av Solveig

Leiar i Seljord Høgre, Ingunn Haugland, ser det ikkje som problematisk at Høgre mistar ordføraren sin.

Når Solveig Sundbø Abrahamsen (H) pakkar seg ut av ordførarkontoret på kommunehuset i Seljord, er det KrFs varaordførar Jon Svartdal som rykkjer opp. Ingunn Haugland, leiar i Seljord Høgre, ser på det som uproblematisk, sjølv om det står i avtala mellom dei fire posisjonspartia i kommunen at Høgre skal ha ordføraren.

– Det er veldig greie retningsliner på at varaordførar skal vikariere når ordføraren får midlertidig fritak. Og me er i eit partisamarbeid med fire parti som fungerer godt saman, seier Haugland.

Kven som blir valt til ny varaordførar er ikkje avklart.

– Ein kan ikkje avgjera noko før alt er heilt sikkert, så det har me venta med, seier Haugland.

Ho gler seg til å få Abrahamsen på Stortinget.

– Me er veldig stolte av Solveig, og det er veldig spennande både for Seljord og heile Vest-Telemark at ho no er inne på Stortinget, seier Haugland.

– Fleire pluss- enn minussider

Seljords nye ordførar frå neste veke, Jon Svartdal, ser på oppgåva som ei spennande utfordring. – Men det blir vanskeleg å forlate jobben som kyrkjeverje, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I går fekk Jon Svartdal (KrF) stadfesta at han rykkjer opp og blir Seljords nye ordførar når Solveig S. Abrahamsen (H) får fritak frå og med kommunestyret neste veke.

Svartdal seier ordførarvervet er ei svært spennande utfordring.

– Stillinga har både pluss- og minussider. Men plussidene er større enn minussidene, seier den erfarne politikaren.

Han ser fram til å få vera med «der det skjer» og møte folk – mellom anna dei som er med på å styre samfunnet på eit høgare nivå.

– Men eg gler meg mest til å få vera med på å utforme og halde i gang Seljord-samfunnet i endå større grad, seier Svartdal.

Vil sakne jobben

For den påtroppande ordføraren blir det vanskeleg å forlate jobben som kyrkjeverje i Seljord. Særleg sidan han fryktar det kan bli vanskeleg å få tak i vikar.

– Vikariatet som kyrkjeverje varar i inntil to år, fram til kommunevalet. Men dersom Røe Isaksen ikkje lenger er statsråd, kjem Abrahamsen tilbake som ordførar og eg skal dermed tilbake som kyrkjetenar. Vikariatet kan vera over på ei vekes tid, og då er det ikkje sikkert det blir lett å få ein vikar, seier Svartdal.

Rolla som offentleg person og ordførar når vanskelege saker melder seg, og pressa går hardt ut, trur han kan bli tøff.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein har eit veldig stort ansvar. Ein risikerer også å koma i media mot sin eigen vilje. Det gjeld å ikkje gjera politiske feil, seier Svartdal.

– Men det blir veldig spennande å overta denne jobben, avsluttar Seljords nye ordførar.