Det blir rypejakt i statsallmenningane
Trass store variasjonar i bestanden, blir det opna for rypejakt i dei fleste statsallmenningane i Sør-Noreg denne hausten.
– Dei fleste av dei 93 fjellstyra vil opne for rypejakt i år, sjølv om eit par har valt å frede rypa, seier Torgeir Lande, viltbiolog i Norges Fjellstyresamband. Det er fjellstyra som forvaltar småviltjakta på statsallmenningane i Sør-Noreg.
Dette går fram av ei pressemelding frå Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF).
– Det ser ut som bestanden har halde seg på middels nivå mange stader, medan vi også ser auke eller svak nedgang andre stader. Som vanleg er variasjonen stor også i relativt nærliggjande område, seier Lande i pressemeldinga.
Informasjonssjef i NJFF, Line Lillebø Osfoss, er glad for at det i fleire område no er eit overskot av ryper det kan jaktast på.
– Det at det er sett avgrensingar ein del stader, er greitt for jegerane. Det avgjerande er at det ikkje blir teke ut for mykje, og at jakta er berekraftig, legg ho til.
Ryperapporten viser at rypetettleiken varierer frå område til område. Dette er normalt, og det kan ha fleire årsaker.
– I mange fjellområde var det bra med smågnagarar i vinter. Sjølv om lemenbestanden ein del stader kollapsa i løpet av seinvinteren og våren, har det vore ein del andre smågnagarar. Det har kanskje vore med på å spare rypekyllingane frå framande klør og snuter, seier Torgeir Lande.
Blant statsalmenningane i Sør-Noreg er Rauland fjellstyre.
(©NPK)