Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK

Det blir fleire skulehagar

Økologisk Norge vil utvide skulehageprosjektet Dyrk Framtida til 30 nye skular dei nærmaste åra.

– Med nye pengar frå Sparebankstiftelsen kan vi utvide arbeidet vårt med skulehagar på Austlandet. Vi vil no invitere 30 nye skular til å bli med. Slik kan over 10.000 fleire elevar få oppleve jord under neglene, lukte på blomstrane og ete eigendyrka mat. Ei så stor satsing på skulehagar i Noreg skal ein over 40 år tilbake i tid for å finne, så dette er verkeleg ein gledesdag for alle som er interessert i at fleire barn skal lære å dyrke mat, fortel prosjektleiar Markus Hustad i Økologisk Norge.

Ambisjonen til Økologisk Norge er at alle barn her i landet etter kvart får moglegheit til å lære om matproduksjon gjennom å dyrke i eigen skulehage. Økologisk Norge stiller med støtte til den fysiske skulehagen og kurs for lærarar og elevar, medan skulen sjølv stiller med tid og ressursar for lærarar og skulen for å få hagen til å fungere over tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)