Det beste påskevêret kjem allereie tysdag
Tysdag bør du nyte påskevêret.
– Det ser veldig bra ut, før det kjem ein front innover ved kysten på slutten av dagen og natt til onsdag. Det blir sikkert nokre byer her og der, men innover i landet er det skyfritt, seier statsmeteorolog Marit Kollstuen hos Meteorologisk institutt.
Det aller finaste klarvêret finn ein i Trøndelag og på Austlandet.
– Det er også flott vêr på Svalbard. Her er det full klaff med kaldt og klart vêr dei næraste dagane, seier ho.
Skareføre
Det som påverkar vêret framover, er lågtrykksaktiviteten i Atlanterhavet.
Måndag var det nokre stader på Austlandet sludd, lett snø eller regn. Natt til tysdag snur vinden, og det blir meir nordavind. Då får Austlandet fint vêr. Det gjeld både tysdag og onsdag, før skyene frå vest kjem.
– Det kan bli ganske vårleg i låglandet. Nokre stader kan det til og med bli over 10 plussgrader, seier Kollstuen.
Vestlandet får regn på tysdagen. Samtidig aukar snøgrensa, og det fell ikkje kvitt før over 1200 meter. Det er mykje varmluft i lågtrykket som kjem. Men på onsdag kveld, søkk temperaturen igjen.
– Då blir nok skareføre igjen i fjella på Vestlandet. Då kan det også bli snø igjen heilt ned til 400 meter.
Farevarsel i nord
– Også i Trøndelag og i Nordland ser det veldig fint ut på tysdagen. Men natt til onsdagen kjem fronten inn og då kjem også vinden.
Det er venta at vêret kjem inn mot Nordland. Nedbøren dekkjer først Vestlandet og flyttar seg nordover og vil etter kvart dekkje heile kysten opp til Vest-Finnmark. Etter kvart går vêret mot Finnmarksvidda og Aust-Finnmark. Det er ein lang front som påverkar.
– Det er også venta vindauke. Det ligg an til å bli liten storm i Lofoten-området og Troms. Så det kjem kanskje eit farevarsel for onsdagen frå oss, seier Kollstuen hos Meteorologisk institutt .
Grøn påske
Påska har vore snøfattig nokre stader i år. I framtida må vi førebu oss på at det kan bli vanlegare.
– Analysane våre viser at grensa for stabile skiforhold i Sør-Noreg og Midt-Noreg vil flytte seg oppover i terrenget, seier forskar Tuomo Saloranta i NVE.
Han har sett på åra for 2071 til 2100 og samanliknar med åra 1991 til 2020. Her er det større område som vil ha mindre enn 10 prosent sjanse for snø i påska. Dette er stader som i dag har mellom 80 og 100 prosent sjanse for snø.
Mot slutten av hundreåret må ein i Sør-Noreg og Midt-Noreg opp til 850 meter over havet for å ha same sjanse for skiføre i påska som i dag på 500 meter.
I Nord-Noreg blir grensa på 350 meter mot 150 meter i dag. På Vestlandet og Nordland er det ved påsketider venta ein meter mindre snø mot slutten av dette hundreåret. I Oslo er sjansen for påskesnø blir redusert frå 66 til 12 prosent.
(©NPK)