Ønsker minst mogleg besøk: Kommuneoverlegen i Kviteseid vil framleis ha minst mogleg besøk på Kviteseid omsorgssenter.

Den KOS-tilsette har testa negativt på fyrste test

I går meldte kommuneoverlegen i Kviteseid at ein tilsette på Kviteseid Omsorgssenter (KOS) har hatt kontakt med ein person i ein annan kommune som i ettertid har fått påvist covid-19. Den tilsette har nå testa negativt.

Det varslar kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen på Kviteseid kommune sine Facebook-sider.

Les også
Ein KOS-tilsett i karantene, dei tilsette må bruke munnbind på jobb inntil vidare

Om nokre dagar skal personen ta ein ny test, og fyrst om også denne er negativ kan ein med tryggleik seie at vedkommande ikkje er smitta av covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som den tilsette har jobba saman med på KOS skal halde fram med bruk av munnbind på jobb inntil vidare. Dei den tilsette ikkje har arbeidd saman med treng ikkje bruke munnbind, skriv Mikalsen.

– Det er framleis sterkt ynskjeleg å avgrense trafikken inn og ut av besøkande til KOS til me veit at prøve nummer to forhåpentlegvis også er negativ, skriv kommuneoverlegen.

Les også
Ein person i Fyresdal er smitta av covid-19
Les også
Ein person folkeregistrert i Seljord smitta av covid-19