Ein KOS-tilsett i karantene, dei tilsette må bruke munnbind på jobb inntil vidare

Må bruke munnbind: Ein tilsett ved Kviteseid omsorgsenter er i karantene. Dei tilsette må bruke munnbind på jobb inntil vidare.

Ein tilsett på Kviteseid Omsorgsenter (KOS) har hatt kontakt med ein person i ein annan kommune som i ettertid har fått påvist covid-19. Den tilsette blir derfor rekna som nærkontakt, og er i karantene.

Laurdag ettermiddag opplyser kommuneoverlege i Kviteseid, Anne Ruth Syrtveit Mikalsen på Facebook, at den tilsette har tatt test og at vedkomande nå er i karantene.

Kollegaene på KOS blir ikkje sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er på jobb, men for å redusere ein eventuell smitterisiko, skal tilsette på KOS nytte munnbind på jobb inntil situasjonen er avklart. Det er ynskjeleg med minst mogleg trafikk inn og ut av KOS dei neste dagane. Eg ber difor pårørande til dei som er på KOS om å ikkje komme på besøk dersom det ikkje er heilt naudsynt, skriv kommuneoverlegen på Facebook.

Vidare skriv Mikalsen at om det viser seg at den tilsette har fått covid-19 blir KOS stengt for besøk i ein periode.

– Det er ikkje nokon grunn til å teste seg utan at ein har symptom. Men alle som bur i Kviteseid kommune må la seg teste dersom dei har symptom, skriv Mikalsen.

Les også
Ein person i Fyresdal er smitta av covid-19
Les også
Ein person folkeregistrert i Seljord smitta av covid-19