Ein person i Fyresdal er smitta av covid-19

– Ein person som er folkeregistrert og bur i Fyresdal er smitta. Smitten skjedde på reise til eit anna fylke, stadfestar ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen laurdag føremiddag.

Personen som er smitta har ikkje behov for legehjelp, og er heime i isolasjon. Smitten vart kjent fredag, og Skjervagen fortel at alt i løpet av kvelden og natt til laurdag byrja kommunen arbeidet med smittesporing.

– Me har byrja med smittesporing, og alle nærkontaktane er i karantene og vil nå bli testa, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det førebels er litt usikkert kor mange dette gjeld, men talet er ikkje veldig høgt. Beredskapsgruppa har hatt møte laurdag føremiddag, og ordføraren er klar på at det nå er viktig å handle raskt.

– Nærkontaktane vil nå bli testa, og testane bli køyrt til sjukehuset for å få resultata så fort som mogleg, seier han.