Statsminister Erna Solberg (H) stadfesta torsdag det første koronadødsfallet i Noreg. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Den første har døydd av korona i Noreg

Torsdag kveld vart det første koronadødsfallet i Noreg stadfesta, seier statsminister Erna Solberg (H).

– Vi har no i kveld fått vite at det første dødsfallet har skjedd på grunn av covid-19, eit eldre menneske, som har vore sjuk, og som då altså har døydd. Og dette er jo grunnen til at vi tek så inngripande tiltak, sa Solberg på direkten på Dagsrevyen.

– Det er mange av oss som har sjukdommar, som er sårbare, og som ikkje vil tole det ein så hard sjukdom som dette kan gi hos enkelte. Vi må i solidaritet med desse sørgje for at vi prøver å kjempe mot dette viruset så godt som mogleg, sa Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helseminister Bent Høie (H) uttrykte torsdag medkjensla si med dei som er ramma.

– Eg har den største medkjensla med dei som i dag har mista ein av sine. Vi har fått det første dødsfallet i Noreg som følgje av koronaviruset, og vi kjem dessverre til å oppleve fleire, slår Høie fast i ein kommentar til NTB.

Tidlegare torsdag innførte regjeringa dei strengaste tiltaka i fredstid i Noreg mot koronaepidemien.

– Målet vårt er at koronaviruset skal ta så få liv som mogleg i Noreg. Derfor har vi no sett i verk svært strenge tiltak. Eg oppmodar alle til å bli med på dugnaden for å stoppe smitte og forhindre at mange blir alvorleg sjuke. Det er ein dugnad som reddar liv, seier Høie.