Om lag 250 spelarar var påmeldt til årets Vinje-cup.

Dei yngste spelarane på årets fotballfest i Vinje

Mellom 240 og 250 fotballspelarar møtest på grasmatta i Åmot på laurdag. 

Publisert

– Det gjekk dårleg, men det var moro. 

Slik oppsummerer Amund Haugen dagens fyrste fotballkamp for Dyre Vaa 8 når dei yngste fotballspelarane frå Vest-Telemark laurdag samlast på årets Vinje-cup. 

Axlunn Hommo (f.v.), Heine Gaarden, Amund Haugen, Abel Huitfeld-Berge og Emil Löschke på Dyre Vaa 8.

Gutane på Dyre Vaa meiner dei gjekk glipp av eit frispark eller to, men er likevel optimistar med tanke på resten av cupen. Resultata er nå heller ikkje så viktig, for 2. og 3. klassingane frå Øyfjell og Rauland  er alle einige om at det er moro å spele. 

– Fotball og sykling er best, fortel Amund og Heine Gaarden. 

Seljordingane Siri Nordstoga, Vilde Gravir Nordstoga, Eivind Kvålo, Thomas Angre, Maria Angre, Eilev Aasan og Rohana Iguru fortel glade at dei har vunne alle sine kampar. 

– Wow! Då trenar de kanskje mykje? 

– Ja, og eg trenar mest, gliser Rohana og dei andre ler. 

Nå er dei spente på kva dei får i premie. Medan dei yngste spelarane har sine kampar mellom 10 og 12, spelar 10-ar laga etterpå. Alle saman møtest til felles premieutdeling mellom dei to bolkane. 

– Eg håpar me får fotball, men eg har fem frå før da, fortel Eilev. 

Eivind Kvålo (f.v.), Siri Norstoga, Vilde Gravir Nordstoga, Maria Angre, Thomas Angre, Rohana Iguru og Eilev Aasan spelar på Seljord 8 og vann alle kampane sine på laurdag.
Tiril Lundevall Hauge (bak f.v.), Vilja Sandnes Sandland, Ariela Krogstad Algerøy , Maren Tønnesland Råmunddal. Soof Pollemanns (framme f.v.), Oda Sandland og Maja Grytli Midtsund på Kviteseid jenter 8.

Jenter 8 frå Kviteseid har også tid til eit lite intervju mellom kampane. 

– Ja! ropar dei sju spelarane på spørsmål om dei har hatt det moro på banen så langt. 

– Det er gøy å spele, fortel Maja Grytli Midtsund. 

– Men det er litt vanskeleg å skyte  mål, legg ho til. 

– Eg synest ikkje det er så vanskeleg, smiler Ariela Krogstad Algerøy. 

Jentene fortel at dei byttar på kven som er spiss, forsvar og keeper, og at dei synest det er moro å spele saman med vennene sine. 

Nå passar dei på å få i seg litt mat og drikke før dei er klare for ny kamp. 

– Vellykka

Marit Gravir er leiar av fotballgruppa i Vinje IL, og fortel at arrangementet har vore vellykka. 

– Og så har me vore så heldige med vêret, smiler ho. 

Marit Gravir er leiar i fotballgruppa i Vinje IL, og er fornøgd med årets cup. Tantebarnet Frida på tre år, var med i heiagjengen.

Gravir fortel at alle klubbane på alderstrinna 8 og 10 i Vest-Telemark er inviterte, og alle er med, med unntak av Treungen. Til saman var mellom 240 og 250 spelarar påmelde. For å få cupen vel i hamn, er det sjølvsagt dugnad som må til. Foreldra til spelarane som går på 10ar-laga stiller opp, dei skal nemleg på Norway Cup om nokre år. I tillegg er det andre foreldre som har ungar i idrettslag og fotballgruppa som stiller. Ein som dukkar opp kvar Vinje-cup er Øystein Eriksen. Han har sin faste plass ved mikrofonen og er sjølvsagt speaker. Den jobben har han arva.   

Jobben som speaker på Vinje-cup går i arv. Øystein Eriksen har nå gjort det i 17-18 år, og før han gjorde far hans det i mange år.

– Dette er ein dugnadsjobb eg ikkje kjem utanom. Eg har vel gjort det i 17-18 år nå, og far min gjorde det i 17-18 år før det, ler han. 

Vinje cup
Vinje cup
Vinje cup
Dyre Vaa og Kviteseid takkar for kampen.
Åmdal Tokke møter Kviteseid.
Vinje cup
To lag i blått – Rein møter Fyresdal.
To lag i blått – Rein møter Fyresdal.

– Men det er ein lettvinn og triveleg jobb, legg han til. 

Han har mange år bak seg som fotballspelar i Vinje sjølv, og hugsar godt at han også var med på Vinje-cup då han var liten på slutten av 80-talet. 

Powered by Labrador CMS