Då Kristin begynte å jobbe i Kilen barnehage var bøker noko ungane heller herja med enn las i.

Den skuta har den leseglade vrådølen snudd.

Effekten det har for ungane er enorm.

Dei aller viktigaste leseåra

Kristin Skipar har sett lesing på dagsorden i barnehagen ho jobbar i. Nå håpar ho fleire skal få opp augo for kor viktig det er å lese for barna allereie frå eitt års alder.

Publisert Sist oppdatert
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun les for Kristins barnehagebarn.

Tidlegare i haust besøkte kunnskapsministeren Litteraturhuset i Fredrikstad og skulle lese høgt for barn.  Då vart ungane frå Kilen naturbarnehage inviterte til å vere publikum.

– Dei visste nok at det var ungar som kan lytte, smiler Kristin Skipar.

Den utflytta vrådølen har blitt kapteinen på leseskuta i denne barnehagen, og ho veit at ungane frå Kilen blir lagt merke til kvar haust når nye fyrsteklassingar startar i skulen. «Å ja, dei kjem frå Kilen. Då er dei bra rusta. Sosialt flinke. Oppegåande.» Slike attendemeldingar får Kristin og dei andre Kilen-tilsette stadig høyre, og ho veit kva som er ein viktig grunn til at dei skil seg ut: 

Lesesatsinga

Gjev det vidare

Lesegleda har Kristin Skipar med seg frå barndommen, der både mor Anne Karine og far Birger las mykje for henne. På biletet leikar ho Hakkebakkeskogen, inspirert av Egner-boka.

Heime i Vrådal vaks Kristin og dei to systrene hennar opp med to leseglade lærarforeldre, og på skulen hadde ho endå ein engasjert leseglad lærar – Brit Ingebretsen. Lesegleda ho opplevde i barndommen har Kristin tatt med seg både inn i eigen familie og i jobben som barnehagepedagog. 

Kristin begynte å lese for ungane i Kilen barnehage medan dei åt.

Då ho starta i Kilen naturbarnehage for kring ti år sidan var boksamlinga der både sliten og hardt medfaren. Det var lite fokus på høgtlesing, og barnehagen besøkte sjeldan eller aldri biblioteket. Kristin tok med sine eigne bøker på jobb, las dei for ungane, og forklarte at dette var bøker sønene hennar var glade i, og som dei måtte ta vare på. 

Dei positive effektane breidde seg som ringar i vatn. Ungane fann ro og konsentrasjon i lesestundene, og etterpå snakka dei om og leika det dei hadde lest. Figurane var kjende for alle, noko som gjorde at alle fekk vere med i leiken.

Etter kvart spreidde lesinga seg i barnehagen. Andre vaksne las dersom Kristin var borte, og etter kvart begynte dei sjølve å lese. 

Samstundes sette Fredrikstad kommune i gang med leselystprosjektet Bokstart, og då heiv Kristin og Kilen naturbarnehage seg med frå fyrste stund. 

Her les Kristin avis med barnehagebarna – om då far hennar, Birger Skipar, møtte bjørnen Läfto.

100-bøkers-fest

Her les Kristin for ungane på ein benk utanfor Fredrikstad bibliotek.

Nå har bøkene blitt det naturlege utgangspunktet for leik og læring i Kilen naturbarnehage. Dei er stadig på biblioteket, og lesestunder har dei både inne i barnehagen og ute i skogen, på ferja eller på ein benk i sentrum. 

Tidlegare i haust fann dei på at dei ville telje bøkene dei las og sjå kor lang tid det tok å koma til 100.

– Det tok 26 dagar, ler Kristin.

Lesing står sentralt i adventstida i barnehagen der Kristin jobbar. Her har ungane fått eit magisk pulver frå Pulverheksa, som ungane kjenner godt frå bøkene dei har lest om henne.

– Eigentleg 25, men me måtte hale ut den siste boka så me kom i mål på ein dag som passa.

For då 100 bøker var lest, hadde barnehagen 100 bøkers-fest. Dei telte hundre bøker, bakte hundre muffins, sprang hundre meter. Dei undersøkte kor stort eit tårn med 100 duploklossar er, og samanlikna med eit tårn av 100 legoklossar. 

Doblar ordforrådet

Det å bli lest for som liten er viktig for korleis ein greier seg i skule og arbeidsliv vidare, understrekar Kristin.  For lesing er det språkstimuleringsverktøyet som har  best effekt på ordforrådet, og ungar er aller mest tilgjengelege for språk frå dei er halvtanna til tre år.

– Me ser stor forskjell ved skulestart på ungar som har blitt lest for og ikkje. Dei som har blitt lest for frå før dei er to år har dobbelt så stort ordforråd ved skulestart som dei som har blitt lest for frå etter dei fylte fire år, seier Kristin.

– Og større ordforråd gjer det lettare å lære nye ord, og gjer at ein får meir fantasi. Det gjer det lettare å setje ord på fleire ting.  Lettare å argumentere.  I tillegg er lesing ein fordel for lese- og skriveutviklinga. Ein får kjennskap til at bokstavar blir ord, at ord blir setningar, utdjupar ho.

– Kvifor har ikkje film og TV like god effekt på språklæringa som bøker?

– Når du ser film så slepp du å lage bilda. Du treng berre motta dei. Når du les tek du inn ord og lagar bilde ut frå deg sjølv, forklarar Kristin.

Det har fleire fordelar. Ein av dei er at bilda passar til modninga til den som lagar dei. Ein annan viktig forskjell er alle orda og omgrepa ein må prosessere for å skape desse bilda i eiget hovud. 

I den fyrste Harry Potter-filmen kan ein følge med Harry inn i Storsalen for fyrste gong, og sjå langborda, lysa, elevane, lærarane, spøkelsa og stjernehimmelen – og orda ein sit att med for å skildre situasjonen er kanskje omtrent desse seks.  Å lage dei same bilda ved å lese inneber prosessering av 128 ord (prøv sjølv – du finn utdraget i faktaboksen).

Bildet av Storsalen med ord

Aldri Hadde Harry førestilt seg eit så underleg og så strålande rom. Det var opplyst av tusen og atter tusen talglys som hang i lause lufta over fire langbord, der resten av elevane var benka. Borda var dekka med tallerkenar og krus i purt gull. Langs enden av rommet stod nok eit langbord, der lærarane sat. Professor McSnurp førde fyrsteklassingane dit bort og dirigerte dei til å stoppe på geledd med front mot dei andre elvane og lærarane bak seg. Hundrevis av andlet stira på dei, dei såg ut som bleike lykter i det flakkande lyset. Her og der blant elevane stod spøkelsa og skein som matt sølv. Mest for å sleppe alle dei stirande augo såg Harry opp, og blikket møtte ein svart fløyelshimling overstrøydd av stjerner.

Kjelde: Harry Potter og dei vises stein (omsett til nynorsk av bladfyken)

Kristin oppmodar foreldre om å begynne tidleg med høgtlesing. Frå 1,5 til 3 års alder er hjernen på sitt aller mest mottakelege for språk. Bøker kan ein få tak i heilt gratis på biblioteket.

Barnehage og skule kan gjere ein forskjell for ungane, men det er veldig viktig at ungane også blir lesne for heime, forklarar Kristin. I heimelesinga oppstår ein fysisk nærleik ved at ein sit saman og les. 

– Det er noko med den nærleiken. Å sette seg ned og ha tid til kvarandre, og ha eit felles fokus.

Viss det har skjedd noko i familien som er vanskeleg å snakke om, så kan ein hente ei bok og lese om det, og det kan gjere det lettare å snakke saman om temaet. Det kan vere alt frå tannlegeskrekk til at nokon har døydd.

– Høgtlesing krev så lite, seier Kristin.

– Og det gjev så mykje

Kristins lesetips til foreldre

 - Les i bøker sjølv så ungane ser det.

– Les for ungane minst 10-15 minutt dagleg.

- For å koma i gang med høgtlesinga kan eit tips vere å begynne i det små, til dømes med tre dagar i veka. Litt er betre enn ingenting.

– Ta med bøker som tidsfordriv ved venting, t.d. på flyplassen, ferja, venterommet til tannlegen, sjukehuset...

– Bruk fysiske bøker – det gjer det lettare å følge med. Skjermar er fulle av distraksjonar og det er vanskelegare å vite kor langt ein har kome. Forsking viser dessutan at alle aldersgrupper les dårlegare på skjerm enn på papir.

– Bruk biblioteket – der er det fri tilgang på passande bøker heilt gratis. 

– Ein må gjerne litt ut av komfortsona for å lese høgt, men når ein har gjort det nokre gonger blir det lettare og lettare.

– Både dramatiserande og roleg høgtlesing kan fungere like bra – her må ein berre finne sin stil

– Bøkene om Tassen kan vere ein fin start. Ettersom konsentrasjonsevna og nivået aukar kan ein gå over til meir avanserte bøker, som Mamma Mø eller Pulverheksa. Endå eit knepp meir avanserte er til dømes Operasjon-bøkene og Detektivbyrå nr 2.

.

Powered by Labrador CMS