Kjempetung: Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) ved transformatorstasjonen på Einangsmoen ikkje langt unna Molandsmoen industriområde. Trafoen som det nå er snakk om å få til datasenteret i bygda, er av ei heilt anna vekt – heile 151 tonn.
Geir Ufs
Datasenterplan: Kan bli nei til å frakte kjempetrafo til bygda
Det er ikkje sikkert at eit transportselskap får løyve til å frakte ein datasentertrafo på 151 tonn til Fyresdal.
Telemarksavisa skreiv tysdag at det er Nordic Crane AS som har bedt om ein førehandsdispensasjon for transport av ein trafo med totalvekt på 151 tonn frå Eydehavn til Fyresdal. Selskapet er ekspert på tunge løft og spesialtransportar.
På grunn av skader med oppsprekking i overmurane på bru Grandalen og bru Nordå, tilrår Statens vegvesen å avslå dispensasjonssøknaden. Vidare svarar dei at andre bruer i ruta kan bli passert med restriksjonar.
Elles skriv TA at det ikkje står noko om når den eventuelle transporten skal skje, men det blir stadfesta at trafoen skal bli frakta til Fyresdal i samband med det nye datasenteret.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP