Mange bønder droppar å ta seg fri grunna dårleg økonomi. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Dårleg økonomi kan gjere at bønder droppar å ta fri

Norske Landbrukstjenester trur mange bønder sløyfer feriar og helgefri av økonomiske årsaker. Det er dårleg for bondehelsa og dyrevelferda.

Styreleiar i Norske Landbrukstjenester, Inge Martin Karlsvik, seier at fleire bønder droppar å ta fri, spesielt om sommaren, for å halde produksjonen oppe.

Det skriv Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karlsvik seier dei ofte høyrer om bønder som vegrar seg for å ta fri om sommaren og elles. Han trur tøffe arbeidsmengder går utover bondevelferd og dyrevelferd.

Alle gardbrukarar har rett på ferietilskot, men Karlsvik seier han ser at mange bønder ikkje nyttar seg av tilbodet.

– Det handlar om økonomien. Dei har ikkje råd til å forskotere, og det er berre med på å forskyve problemet til året etter, seier Karlsvik.

Det er òg vanskeleg å få tak i kvalifiserte avløysarar, og mange gardsbruk har ei storleik som gjer at tilskot ikkje dekkjer nye avløysarar, forklarer Karlsvik.

For å løyse problemet meiner Karlsvik at det handlar om økonomien i landbruket generelt. Ein burde til dømes få på plass meir tilskot til avløysarar, men òg at bonden tør å sleppe drifta over på andre.

– Om ein har grei kontroll på økonomien, toler ein at produksjonen at ikkje er på topp med ein avløysar.

(©NPK)