Dagens jeger: Andrea Gulseth (19) frå Eidsborg tok jegerprøva då ho gjekk i 10. klasse.

Dagens jeger er Andrea (19): – Eg elskar adrenalinet ein får av å sjå dyr på nært hald

Dagens jeger er Andrea Gulseth (19) frå Eidsborg.

1. Kor lenge har du jakta?

– Eg tok jegerprøva på skulen i 10. klasse og har gått med børse sidan då.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Kva jaktar du?

– Eg jaktar hovudsakleg storvilt; elg, hjort og rådyr.

3. Kva er det beste med jakta?

– Det er vanskeleg å velje berre ein ting. Eg elskar adrenalinet ein får av å sjå dyr på nært hald, spesielt når det er for eiga bikkje. Det er utruleg moro når det går bra, og du får vere med på alt frå start til slutt. Det er også veldig triveleg når heile bygdas «nivlar» møtast att og me kan steike bacon i gamalt feitt!

4. Kva er det mest utfordrande?

– Å få bikkja heimatt er noko av det mest utfordrande.

5. Fått noko dyr i år?

– Nei, me startar ikkje elgjakta før fredag 29. september. Dei siste vekene har eg og pappa sloppe bikkja vår Dixie for å øve til UM i laushund.

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

– Det beste minnet eg har frå jakt må vere min fyrste elg. Det var i 2020 og denne dagen var me fire fyrstegongsjegerar som fekk elg – det var utruleg stas!