Irene Midtbøen Moen er dagens jeger.

Dagens jeger: – Eg er nok ein solskinnsjeger

Dagens jeger er Irene Midtbøen Moen (37) frå Kviteseid. Ho jaktar elg i Tveitgrend, fugl på Skafsåheia og rådyr i Dalane.

Publisert Sist oppdatert

1. Kor lenge har du jakta?

Eg har vore på jakt frå og til sidan eg var med pappa på jakt på Espestøyl då eg var 13 år.

2. Kva jaktar du?

Eg jaktar elg, rådyr og fugl.

3. Kva er det beste med jakta?

Det er spenninga med kva for dyr som kjem på post, det sosiale, og ikkje minst det å kunne nyte naturen når det er strålande sol, og kjenne på kor fint me eigentleg har det rundt oss. Eg er nok ein slik jeger som kan kalle seg ein solskinnsjeger.

4. Kva er det mest utfordrande?

Det mest utfordrande for min del, som enno ikkje har fått skote storvilt, er det å vurdere og vera heilt sikker på at det er det rette dyret me skal ha, før det smell.

5. Fått noko dyr i år?

Ingen fangst hjå meg enno.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

Det må vere då eg var med pappa på elgjakt for fyrste gong. Då skaut han ein piggstut, og eg hugsar så godt elgen byksa og sprang nokre meter før han gjekk rett i bakken. Det var både spennande og stas, hugsar eg.

Powered by Labrador CMS