Katarina og Kim André Aasgaard besøker Tone og Gunvald Johansen i Grønlihagen i Kviteseid. etter mange år utan kontakt er dei nå samla i Kviteseid.

Då Kim var 16 år rømte han heimanfrå. Det skulle gå 24 år før han tok kontakt med foreldra igjen

Han var 15 år, ung og usikker. Ein dag vart han med storesøstrene på eit møte. Det skulle endre livet hans.

Publisert Sist oppdatert


– Eg gret så mykje dei første åra, at det ikkje var tårer igjen, seier Tone Johansen.

Saman med mannen Gunvald har ho nyleg flytta inn i ein av dei nye leilegheitene i Grønlihagen i Kviteseid. 

Det er 28 år sidan sonen Kim braut kontakten med foreldra. Og det skulle ta 24 år før han ein sein kveld ringte på døra deira igjen. 

– Det var heilt utruleg, seier Gunvald. 

Han hadde aldri gitt opp håpet om at sonen ein dag ville vende tilbake. 

Oppveksten

Saman med tre eldre søstrer veks Kim André Aasgaard opp i ein kristen heim i Ytre Enebakk. Foreldra er pinsevenner. Barndomen er prega av sundagsskule, kristne songar og fellesskap.

Når han blir eldre forsvinn fleire av dei på hans alder ut av det kristne miljøet. Sjølv strever han med å finne sin plass, sin gjeng og sine venner. Han opplever at mykje at det dei andre ungdommane driv med på fritida ikkje er greitt å gjere for han som er kristen, og trekker seg meir og meir tilbake. 

Første møte

Ein fredagskveld, når han er femten år, blir han med ei av søstrene på eit møte – i Sannhetens Ord Bibelsenter.

Her blir han tatt imot med ein varme han ikkje var van med, og tenker då han forlèt lokalet, at hit må han tilbake. Han blir med søstrene på fleire møter. 

Foreldra er skeptiske. Fleire tek kontakt med dei og åtvarar mot meinigheita som to av søstrene, og nå også Kim, har blitt ein del av. 

Gunvald prøver å sette seg inn i det som blir forkynt i møtelokala til Sannhetnes Ord. Han meiner det er ei usunn lære og prøver å snakke borna til rette. 

Kim, som endeleg har funne ein stad der han kjenner seg velkomen og verdsett, kan ikkje forstå denne skepsisen frå foreldra. Han synest diskusjonane med faren er slitsame og opplever at dei ikkje forstår han. 

Når den eine av søstrene til Kim skal gifte seg med ein mann som også er ein del av meinigheita blir heile familien først invitert i bryllaupet. Men kvelden før vigsla får foreldra ein telefon. Dei er ikkje velkomne. På parkeringsplassen på veg inn til viglsa blir også søstera, som ikkje er med i Sannhetens Ord, stoppa. Heller ikkje ho får kome i bryllaupet. Men Kim er velkomen. 

Då han kjem heim igjen frå bryllaupsfesten er det ei trykka stemning i heimen. Mora er lei seg. Faren er opprørt. Han prøver på nytt å appellere til fornufta i sonen, fortel om folk som har blitt øydelagt av fanatisme. Men orda når ikkje fram. 

Konfliktnivået i heimen stig. Foreldra, som over tid har sett korleis dei to eldre døtrene har trekt seg tilbake, fryktar at også sonen skal forsvinne inn i det lukka miljøet.

Ein kveld i august, etter ein lang diskusjon, seier faren i desperasjon at Kim berre kan flytte.

Fortvila prøver Tone å forklare at faren berre er fortvila, at han ikkje meiner det slik. Desperat tryglar ho Kim om å bli, men sekstenåringen har bestemt seg. Han flyttar.

Bryt kontakten

Kim får bu hos ein familie i meinigheita, og på kort tid blir Sannhetens Ord hans nye familie, og hans einaste omgangskrins. Han er på møte fleire gonger i veka, og blir oppmoda til å fokusere meir på Gud og Sannhetens Ord. Det er det som er det ekte livet.

Leiarskapet snakkar mykje med han, og ein deg gjer dei det klart. Han kan ikkje ha kontakt med foreldra og søstera som ikkje er ein del av Sannhetenes Ord. Dei vil hindre Kim i å følgje Guds veg, får han høyre. Han må kutta banda. Heilt.

På møta blir det lese bibelvers:

«Den som elskar far eller mor meir enn meg er meg ikkje verdig».

Og:

« Kvar ein som har forlate hus eller brør eller søstrer eller far eller mor eller barn eller åkrar for mitt namns skuld, skal få mangedobbelt igjen og arve evig liv».

Fortvila

Heime er foreldra fortvila over at dei ikkje får kontakt med sonen. Dei oppsøker han der han bur, prøver å sende brev, sms, e-post. Dei fortel at dei saknar han, at dei gjerne vil ha kontakt. Men får ikkje svar. 

Det blir sendt fleire meldingar til barnevernet. Barnevernet får høyre om alle diskusjonane med faren, og at ein av dei også enda opp i eit basketak. Sidan Kim er over femten har han religions- og trusfridom. Han får bli hos familien i meinigheita.

Ein gong reiser foreldra til lokalet der Sannhetens Ord har møta sine. Å gå opp trappene til møtelokalet er tungt, men dei er desperate, og vil gjerne treffe borna sine. 

Kim syng i ei lovsongsgruppe. Dei får eit glimt av han medan han syng, men etterpå forsvinn han bakvegen ut. 

Åra går. Dei får høyre at Kim har gifta seg, men blir ikkje bedt i bryllaupet. Dei høyrer at han får born, men får ikkje treffe barnebarna. Tone strikkar babytøy, og sender pakker i posten, men får aldri takk.

Ho søv dårleg. 

Frå vener får ho velmeinte råd om at ho må prøve å gløyme, at ho ikkje må tenke så mykje på dei tre borna som ho ikkje har kontakt med lenger.

– Men korleis kan ein gløyme borna sine, seier ho.

Dei kjenner seg makteslause. Og sjølv om dei veit at borna framleis lever, er dei som døde for foreldra.

Tvil

Å bryte ut av Sannhetens Ord Bibelsenter har vore ein lang prosess for Kim André Aasgaard.

Kim opplever at leiarskapet tek større og større kontroll over medlemmene. Og med åra kjem tvilen smygande. Er dette rett?

Stadig oftare tenker han på foreldra og søstera som han ikkje har kontakt med. Ein gong ser han mora i ein butikk, men går ut igjen før ho får auge på han. 

Av og til køyrer han i smug forbi huset til foreldra, prøver å få eit glimt av dei. 

Han får høyre at faren er sjuk, at han har fått hjerneslag. Kim fryktar at han ikkje skal få forsona seg med foreldra før dei døyr. 

Han lurer på korleis han skal ta opp att kontakten etter så mange år, og finn ut at det beste vil vere å ta kontakt med søstera først. 

Fleire gonger tastar han nummeret hennar, men han klarar ikkje å trykke på den grøne knappen. 

Ein dag tek han mot til seg, og ringer til søstera Ann Christin som bur i Kviteseid. 

Utanom eit tilfeldig møte på Ikea er det over tjue år sidan han har snakka med henne. 

Ann Christin er ute og joggar langs Sundkilen då broren ringer. Ho må sette seg ned. 

«Sjølvsagt vil eg ha kontakt», svarar ho.

Endeleg

Under koronapandemien får dei ikkje samlast som før i møtelokala til Sannhetens Ord. I leiinga er det strid, og fleire av medlemmene byrjar å reagere.

Rykta om eit opprør i Sannhetens Ord når også Tone og Gunvald. Tone ringer til Ann Christin. Ho vil gjerne fortelje dottera om kva ho har høyrt. Det mora ikkje veit er at Ann Christin då har fått telefonen frå broren. 

Då Kim får høyre at foreldra har ringt bestemmer han seg for å reise til dei same kveld. Det er seint, men Ann Christin ber mora, som har gått og lagt seg, om å stå opp igjen. Sidan Ann Christin ikkje får vere med på gjenforeininga ber ho dei om å filme. Og seinare har Kim vore glad for å ha denne heilt spesielle augneblinken på film. 

Han ringer på døra, og går inn i gangen. 

«Er det deg Kim», seier mora, og kastar seg hulkande om halsen til sonen som ho knapt har sett på 24 år. 

Bak henne kjem Gunvald ut frå stova. Haltande. Han smiler, og gret.

«Endeleg», seier han.

Det var ikkje berre sonen sin Tone og Gunvald fekk tilbake denne kvelden. Dei fekk også ei svigerdotter, og to barnebarn på tolv og femten – som dei aldri hadde sett.

Dei var mykje saman dei fyrste månadane, var på besøk og reiste på ferie saman. 

Kim, som braut med foreldra sine då han var seksten, måtte bli kjent med dei på nytt. Og foreldra måtte bli kjent med svigerdottera Katarina og dei to barnebarna.

Gunvald Johansen og sonen Kim André Aasgaard har snakka ut om dei vanskelege åra.

Flyttar til Kviteseid

Det var Katarina som fyrst føreslo at familien skulle flytte til Kviteseid der Ann Christin budde. Dei lufta det med foreldra til Kim.

– For det var ikkje aktuelt for oss å flytte utan dei, seier Kim.

Tone og Gunvald var positive.

 I sommar kjøpte dei seg leilegheit i Grønlihagen. Ikkje langt unna har Katarina og Kim kjøpt seg hus. I august flytta dei dit.

I stova i den nye leilegheita i Grønlihagen set Tone og Gunvald ord på sorga over alle åra utan kontakt, på kor makteslause dei kjente seg.

Dei eldre søstrene var vaksne då dei vart med i Sannhetenes Ord.

– Men Kim var berre eit barn, seier dei. 

At dei ikkje fekk vere ein del av livet hans i dei viktige ungdomsåra er sårt. Kim opplever at han mista ungdomstida si. Det andre ungdommar gjorde i desse åra var han aldri ein del av. 

Han er lei seg for at han svikta foreldra og søstera, og fortel at det har vore vanskeleg for han, at han har sakna dei i alle desse åra.

– Det gjer godt å høyre, seier mora, og ser bort på sonen.

Nå forstår Kim også betre kvifor faren reagerte som han gjorde. Han hadde sett korleis døtrene forsvann frå familien, og var redd for å miste sonen også.

– Det var frykt, forklarar Kim.

Kim André Aasgaard var berre 16 år då han braut kontakt med foreldra. – Det har vore ei stor sorg i alle år, seier Gunvald og Tone Johansen.

Faren nikkar. 

Dei er samde i at dei har forsona seg med det som skjedde, og er glade for at dei nå er samla igjen. 

– Men me ber framleis på ei stor sorg, seier Tone alvorleg. 

To av døtrene er framleis med i Sannhetens Ord. 

– Og me har fem barnebarn me aldri har sett.

Vil forklare

I ettertid har Kim hatt behov for å forklare for seg sjølv korleis dette kunne skje. Derfor begynte han å skrive. I lang tid har han jobba med boka «Sekten som styrte mitt liv», som vart gitt ut på Kagge forlag i haust. Han meiner det er viktig å forklare korleis ungdom kan bli radikalisert, for hans del inn i eit lukka religiøst miljø. Og han er også oppteken av kva for mekanismar som får medlemmer til å bli verande i slike miljø. 

Katarina og Kim synest det er både skammeleg og flaut at dei i så stor grad lét seg styre, likevel har dei valt å vere opne. I 2024 var dei med i dokumentarserien «Under Guds Øye» på TV2, der fleire av medlemmene som braut ut av Sannhetens Ord fortel om livet i den lukka meinigheita. Responsen har vore overveldande. Dei får mange tilbakemeldingar frå folk som kjenner seg igjen. Paret meiner derfor det er viktig å åtvare om korleis lukka miljø, der det ikkje er rom for kritiske blikk utanfrå kan utvikle seg. 

I podkasten Tro, tvil og terapi fortel dei om korleis trua har vore ein del av livet deira heilt sidan barndommen, korleis tvilen har kome i bølgjer, og korleis det å vere open og fortelje sin historie har vore ei form for terapi. Dei held også føredrag, og var blant anna på Kviteseid bibliotek nå i desember. 

Gunvald fortel at han desse åra har funne trøyst i Paulus sitt brev til Galatarane. Denne bibelteksten vart viktig for han.

– Den hjalp meg til å halde ut, seier han.

Kim André og Katarina Aasgaard har nå kort veg når dei skal besøke foreldra til Kim.

Kim får stadig spørsmål om han framleis trur. 

Han meiner det er feil spørsmål, at tru ikkje skal bli plassert på ein skala utanfrå, at den ikkje skal bli definert som ein merkelapp. 

I boka Sekten som styrte mitt liv skildrar han det slik: 

«Kva eg trur på? Kanskje kjærleik er det nærmaste eg kjem eit svar nå. Kanskje glede. Kanskje nysgjerrigheit. Kanskje nåde. På varme møter. På vitskapen, som let seg etterprøve. Barnetrua vil truleg alltid henge igjen. Ikkje som eit krav, men som eit ekko. Ei stemme eg ikkje lenger treng å lystre, men som eg heller ikkje ønskjer å jage bort».



Powered by Labrador CMS