Snøskredfare: Varsom.no melder om betydeleg snøskredfare dei komande dagane.

Betydeleg rasfare i helga

Snøskredvarselet for helga er betydeleg i Vest-Telemark, melder varsom.no.

Informasjonstenesta melder at kraftig vind gjev auka snøskredfare dei komande dagane.

– Unngå område i le der det samlar seg fersk fokksnø, terreng brattare enn 30 grader og utløpssoner for skred. Der fjernutløysing er sannsynleg, skriv dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er meldt om opphaldsvêr på laurdag, men 12 til 16 millimeter nedbør på sundag.

– Vindauke og nysnø gjev ferske fokksnøflak i fjellsider vendt mot nordvest og nordaust. Ver merksam på skavlbrot, åtvarar varsom.no.