Vil vurdere: Varaordførar i Tokke, Benedikte Nes (MDG), vil gjere opp status i september, og vurdere om kommunen kan ta imot fleire flyktningar enn dei 30 dei nå seier ja til. Forslaget vart samrøystes vedtatt.

Ber kommunen ta imot 70 flyktningar – seier ja til 30

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) oppmodar Tokke kommune om å ta imot 70 flyktningar i løpet av neste år. Nå har politikarane sagt ja til å ta imot 30, men til hausten vil dei vurdere om det er mogleg at fleire får kome til Tokke.

Tokke kommune vart oppmoda om å ta imot 55 flyktningar i år, og så langt har 53 personar kome, 49 av dei kjem frå Ukraina.

Nå oppmodar styresmaktene kommunen om å ta imot ytterlegare 70 flyktningar i løpet av neste år, men kommunen opplever situasjonen som krevjande, og meiner grensa bør gå på 30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bemanning er krevjande

– Mest krevjande har det nok vore på Tokke skule, fortalde kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, Tone Lunde Skaalen, då saka var oppe i kommunestyre like før jol.

I løpet av hausten har det byrja kring tjue ukrainske elevar ved skulen, og dei har tilsett fleire assistentar, også ein del ufaglærte, for å møte behova. Det er nå elevar frå Ukraina i alle klassetrinn, i nokre av klassene har det kome fleire elevar, og det meste er åtte nye i same klasse.

Ifølge Lunde Skaalen er det såpass krevjande for leiinga ved skulen å legge til rette, at rektor brukar om lag nitti prosent av sin arbeidstid på dette arbeidet. Mykje av det ordinære rektorarbeidet må han dermed bruke laurdagane på for å få gjort.

– Me meiner at det er altfor mykje å ta imot 70 personar, og hovudårsaka er bemanning som er veldig krevjande, og då særleg innafor oppvekstsektoren, sa Lunde Skaalen.

– Når me ser den situasjonen flyktningane står i, er det freistande å seie; berre kom. Men det er gjort ei grundig vurdering i saka, og me må ha respekt for den vurderinga, sa varaordførar Benedikte Nes (MDG).

Alle politikarane var samde om at det er rett å lytte til administrasjonen og la grensa vere på 30. Men på vegner av MDG, Sp og KrF, foreslo Nes at politikarane får ei ny sak i september, der det blir gjort ei vurdering om det er grunnlag for å auke talet på mottak av flyktningar utover dei 30.

Dette vart samrøystes vedtatt. Hilde Alice Vågslid (Ap) fremja forslag om at Tokke også bør vurdere å ta imot einslege mindreårige. Dette vart også samrøystes vedtatt.

Opprettar ny stilling

Tokke er kommunen i Vest-Telemark som vart oppmoda om å ta imot flest flyktningar i 2023. Deretter følgjer Seljord med 60 og Vinje med 55, medan Fyresdal, Nissedal og Kviteseid alle vart oppmoda om å ta imot 30 personar kvar. Totalt ber styresmaktene dei seks kommunane i Vest-Telemark om ta imot 275 flyktningar neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Oppmodar Vest-Telemark om å ta imot 275 flyktningar – Seljord ønsker å seie ja til 60

I dag består flyktningtenesta i Tokke av ein integreringskoordinator i hundre prosent stilling, men kommunen lyser nå ut ei ny stilling som integreringskonsulent. Også denne i hundre prosent.

Kommunen ønsker at personen som får den nye stillinga tek til så snart som mogleg, og søknadsfristen er 10. januar. Ifølge stillingsannonsen skal integreringskonsulenten jobbe tett saman med integreringskoordinatoren, i tillegg til dei tilsette i vaksenopplæringa.