Måndag vart ein gut i barneskulealder stoppa av politiet ved Bø Camping i Telemark etter å ha køyrt elsparkesykkel i 90 kilometer i timen.

Barneskulegut stoppa på elsparkesykkel – målt til 90 kilometer i timen

(NPK-NTB) Ein gut i barneskulealder vart måndag stoppa av politiet ved Bø Camping i Telemark. Elsparkesykkelen hans vart målt til 90 kilometer i timen.

Publisert

– Politiet heldt kontroll på staden, og stoppa ein gut. Elsparkesykkelen hans hadde eit fartspotensial på 90 km/t, seier operasjonsleiar Espen Reite i Sør-aust politidistrikt til NTB.

Han fortel at dei har fått fleire meldingar den siste tida om aktivitet med elsparkesyklar med høg fart i området, og at det var årsaka til at dei gjennomførte kontrollen måndag kveld.

– Sykkelen vart beslaglagd, og dei føresette til guten vart varsla, seier han.

Ifølgje operasjonsleiaren er det uklart ut frå meldinga frå patruljen på staden om guten faktisk køyrde i 90 kilometer i timen, eller om dette er den moglege toppfarten som vart målt på sparkesykkelen.

Han veit heller ikkje om guten hadde på seg hjelm, eller kva type veg eller strekning han køyrde på.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS