Frigjeringsdagen vart mellom anna markert med blomsternedlegging ved minnesteinen til Jørgen Li og Aslak Vistad på Mo kyrkjegard. F.v. Tor Olav Loftsgarden, ordførar Jarand Felland, kaptein Olav Aalanslid, Olav T. Haugo, Aslak Vistad Vågslid og Einar Versto.

Åtti år med fred

Frigjeringsdagen vart markert med respekt, ettertanke og takksemd i Vinje og Tokke. Det er no åtti år sidan freden kom til Noreg, og folk samla seg for å minnast dei som kjempa – og dei som ofra livet for landet.

Publisert Sist oppdatert

Dagen starta med flaggheising ved Forsvarsmuseet i Vinje klokka åtte. Seinare heldt markeringa fram i Liosvingen, der ungdom frå Tokke skule deltok. Deretter var det ei høgtideleg stund ved minnestøtta til Aslak Vistad og Jørgen Li ved Mo kyrkje.

– Åtti år er lang tid, men det viser seg at det er verdt å hugse kvart år, sa kaptein Olav Aalandslid i si tale. Han minna om at fred, fridom og demokrati er kjerneverdiar som aldri kan bli tatt for gitt.

– Me må vera stolte

Under markeringa i Liosvingen var det både blomsternedlegging og historieforteljing. Aalandslid fortalde om kampane i området i mai 1940, og om Hannevig-styrken si mobilisering og innsats.

10.klasse ved Tokke skule deltok på markeringa i Liosvingen.
«Til minne om den fedrelandskjærleik og det kampmot som blei synt av dei friviljuge nordmenn i striden mot tyskarane her den 3. mai 1940» står det på minneplata i Liosvingen.

Ordførar Jarand Felland understreka i si tale at kampen i Liosvingen var eit godt planlagt bakhaldsangrep, og at innsatsen i Vest-Telemark var av stor betydning.

– Me må vera stolte av dei som var her og tok opp kampen med livet som innsats. 

Karin Elise Karlsen og Sigrid Godtland frå 10. klasse ved Tokke skule var blant dei unge som deltok. Dei fortalde at dei hadde lært mykje både på skulen og på Forsvarsmuseet, og kjente godt til kva som hadde skjedd i Liosvingen.

– Det er litt spesielt at det har skjedd her, seier dei.

– Det er litt spesielt at det har skjedd her, seier Sigrid Godtland og Karin Elise Karlsen.

Kan de tenke dykk korleis det var her under krigen?

– Det var sikkert ikkje så lett, og det var sikkert litt skummelt, seier Sigrid.

– Men det kan hende dei som budde her, kjente seg litt tryggare enn folk som budde andre stader, seier Karin Elise.

Tenker de at noko slik kan skje i dag?

– Det er mykje snakk om krig og slik, men eg trur ikkje det skjer ein liknande krig, seier Sigrid.

Torgrim Otterholt har også tatt turen til markeringa ved Liosvingen.

– Det er veldig fint at ungdommen er her i dag. Dei lærer historie og dei lærer verdiar. No er dette endå meir aktuelt, seier han, og legg til at det er ei viktig markering.

– Me må markere at me er eit fritt folk med demokratiske rettar og respekt for menneskeverdet, seier han.

«No er det krig»

Olav T. Haugo frå Byrte er fødd i 1936 og har fleire minne frå krigsåra. Han fortel at han godt minnest morgonen 9. april 1940.

Bestemora var tidleg oppe, og ho såg eit fly som kom ned mot eit vatn og flaug vidare mot Vinje. Dette synest dei var rart, for det var sjeldan å sjå fly på den tida. 

– Så kom det springande ein kar som hadde radio heime, og han sa «no er det krig». 

Det gjorde sterkt inntrykk på Olav, sjølv om han berre var 3,5 år.

– Alle blei redde. Eg skjøna at dette var alvorleg då eg såg reaksjonane til dei vaksne, seier han.

Olav er tydeleg på at kampane i Vinje og Tokke hadde stor betydning.

– Kvar dag dei greidde å stoppe den tyske framrykkinga, så var det av betydning, seier han.

Då freden endeleg kom, fortel han at stemninga var i taket.

Olav T. Haugo har mange minne frå krigsåra.

– Me var så glade! Men eg var ikkje heilt sikker på at det var fred før dagen etterpå. Då kom det to karar ut av skogen ned til Nord-Haugo, og dei bar på engelske våpen og ammunisjon. Då var eg sikker, seier han. 

Han meiner det er svært viktig å markere denne dagen.

– Ein må ikkje gløyme den innsatsen som blei gjort. For seinare tider har det også betydd mykje. Det er eit anna syn på Forsvaret.

Han meiner det er naudsynt å ha eit sterkt forsvar for landet.

– Blir ein angripen må ein stå klar med våpen i hand.

Er du redd for at det kan skje?

– Eg er ikkje redd for det, men ein veit aldri. Noreg er eit ettertrakta land, seier han.

Gav livet sitt for freden

På kyrkjegarden i Mo står det eit minnesmerke over Jørgen T. Li og Aslak J. Vistad. Dei hadde avtent verneplikta ved Hvalsmoen militærleir, nord for Hønefoss. Då krigen braut ut vart begge utplassert i Haugsbygd, der det var harde trefningar. Dei mista livet med berre ein dags mellomrom.

– Det var ei stor påkjenning for gamle Mo kommune, og miste to unge gutar, seier Aalandslid.

– I tillegg har me i Tokke mista ein gut på Utøya. Så me har eigentleg tatt vår del av det uhyggelege i forhold til krigshandlingar, seier han. 

– Det er bestandig spesielt å stå her på Mo kyrkjegard framfor minnesteinen til Jørgen og Aslak, seier Olav Aalandslid.
Markering på Mo kyrkjegard.

Ordførar Jarand Felland sa også nokre ord ved minnesteinen.

– To av våre folk gav livet sitt for freden. Dei gav sitt liv for at me skulle vera fri. Dei skal ha ein stor takk frå Noreg, Tokke og Mo for det offeret.

Han snakka også om ein usikker internasjonal situasjon, som gjer at Noreg må ruste opp.

– Det er ikkje ynskjeleg, men det er ein del av det som er viktig for å bevare det viktigaste me har, og det er fridomen, seier han.

– Fred er noko å feire, seier Einar Versto (t.v.) og Aslak Vistad Vågslid.
Anne og Alice Haukelidsæter deltok på fredsmarkeringa.

– Fred er noko å feire

Aslak Vistad Vågslid er fødd i 1943, og er nevøen til Aslak Vistad. Han rakk aldri å treffe onkelen sin, som han er kalla opp etter. Han fortel at sjølv om han berre var to år då freden kom, hugsar han eit glimt frå denne dagen.

– Eg minnest mor mi lyfta meg opp til eit glas, og eg kikka ut og såg eit bål og høyrde ei veldig huving. Det er berre eit glimt, men det minnest eg faktisk, seier han.

Både han og jamaldringen Einar Versto seier det er viktig å markere denne dagen.

– Fred er noko å feire, seier dei. 

Også Alice Haukelidsæter og dottera Anne deltar på markeringa.

– Det er veldig viktig å markere, for det er ikkje sjølvsagt at me har det som me har det i dag, seier Alice, og legg til at ho synest det var viktig før også, når verda ikkje var like uroleg som no. 

Gjennom heile dagen var bodskapen klar – freden er verd å minnast – og verne om.

Powered by Labrador CMS