OPPLEVING: Åsulv Hylland har hatt nokre flotte dagar i VM. Raulendingen har fått med seg mange norske gullmedaljar og store augeblikk.

Åsulv må alltid ha med seg VM på ski – fekk med seg ein eventyrleg medaljefangst. – Har nesten kome ut av teljinga

Åsulv Hylland sette søndag kveld sluttstrek for tre eventyrlege VM-dagar i Trondheim. Raulendingen har hatt mykje å juble for etter at han inntok den trønderske hovudstaden på fredag.

Publisert

– Det har blitt mange gull og mykje «Ja, vi elskar». Det har blitt så mange medaljar at eg nesten har kome ut av teljinga. Eg har fått med meg dei fleste ski-VM etter at eg var i Falun i 2015. Det er vel berre det i Oberstdorf i 2021, som vart avvikla utan publikum på grunn av koronaen, eg ikkje har vore på, sa Åsulv då det var tid for å oppsummere VM for hans del i år.

Måndag reiste han heim, og seinare i veka skal sambuaren til Trondheim.

– Me er ein fast gjeng som har brukt å reise på VM. Dei skal i år få med seg andre del av meisterskapen. Eg var lenge innstilt på at det ikkje vart noko VM på meg denne gongen. Men så dukka det opp ei moglegheit, og då slo eg til, seier Åsulv, som jobbar turnusarbeid på oljeplattform. Under opphaldet i VM-byen har han budd hos ein arbeidskollega og fått godt stell. Hylland har òg møtt mange arbeidskollegaer under den trønderske VM-visitten.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS