9.132 registrerte koronatilfelle i Noreg – 15 fleire det siste døgnet

Det var registrert 9.132 tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt natt til tysdag, viser færebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 15 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 21 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsomme sjukdommar (MSIS) og viser ein førebels oversikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt sju personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Måndag var det registrert 255 døde som følgje av sjukdommen. Det er ikkje meldt om nye dødsfall i Noreg sidan fredag 17. juli.

(©NPK)